Finnøy Venstre med to på kandidatsamling
02.05.2007 Finnøy Venstre sine to listetoppar var med på samlinga Rogaland Venstre arrangerte i Stavanger helga 27. og 28. april. Samlinga var eit opplegg for kandidatar på kommunevalslister og fylkestingslista. Heidi Skifjell og Tarald Lauvsnes representerte Finnøy.

Foto: Tore Nilsen

Foto: Tore Nilsen
Odd Einar Dørum hadde komme fra Oslo for å orientera om Venstre sin skulepolitikk. Han viste til at Venstre på landsmøtet vedtok eit nytt skolepolitisk manifest. Hovudtrekka i manifestet er eit sterkt ønske om å ta politisk ansvar for skulen. Difor må det satsast på å styrke lærerane sin kompetanse, då dei er nøkkelen til ein betre skule.
Samlinga inneheldt og gruppearbeid og regional nettverksbygging. Finnøy sine kandidater arbeida samen med representantar for andre lokallag i Ryfylke for å finne fram til felles utfordringar og løysingar på aktuelle problemstillingar.
Fylkesnyheter




