LYTT TIL DEI SOM HAR SKOA PÅ!
17.08.2007 Den siste tida har det vore skrive, og sagt, mykje i media om situasjonen for dei eldre og sjukeheimsplasser. Ventelistene kan vere lange og kvardagen hektisk for dei tilsette.
Av Gro Skartveit, Venstre

Foto: Frode Kleppe
For Venstre er det viktig å gjere ein ting heilt klårt: me ynskjer å sjå, og lytte til dei som står nærast, og som er midt i, ulike problemstillingar. Me skal vere ombosdmenn, og –kvinner for ”vanlege” folk. Dette gjeld òg i kommunen vår. I spørsmål om korleis situasjonen er for dei eldre som treng hjelp vil me lytte til dei eldre sjølve, tilsette og pårørande. Erfaringane dei gjer seg må absolutt vere med og danne grunnlag for avgjersler ein skal ta i kommunen vår.
Noko av det Venstre vil gjere i denne samanhengen er fylgjande:
nytte eldreråd, helselag, kommunelege, tilsette og andre aktuelle, som aktiv høyringsinstans i alle aktuelle saker.
Politikarane skal jamnleg informerast om kor mange som står på venteliste for omsorgsbustader/sjukeheimsplasser/hjelp i heimane, og kor lenge dei må vente. Situasjonen skal til ei kvar tid vere synleg. Kvart år skal politikarane invitere aktuelle personar; lag organisasjonar til ei generell meinings- og erfaringsutveksling om situasjonen.
I tillegg er dei tilsette, i heile kommunen, ein viktig ressurs. Venstre ynskjer å lytte til erfaringar og å setje inn tiltak for at me kan behalde gode medarbeidarar. Difor vil me at det i komande periode skal gjerast ei undersøkjing blant noverande, og tidligare, tilsette der ein set fokus på positive og negative sider ved å jobbe i kommunen. Me vil òg gå inn for å gå gjennom personalreglane og at ein får gode permisjonsordningar når ein har vore lenge tilsett i kommunen
Den som har skoen på veit kvar den trykkjer. For oss i Venstre er dette eit utgangspunkt for arbeidet i komande periode. Me vil lytte til dei som har skoa på! Dersom ein ikkje gjer det kjem ein aldri til å ta dei beste avgjerdene for dei det gjeld.
Fylkesnyheter




