Sogn og Fjordane Venstre
VENSTRE SIN STÅSTAD – MENNESKET I SENTRUM. Respekten for enkeltmennesket og ansvar for fellesskapet er Venstre sin grunntanke. Venstre sin ideologi er sosial-liberalismen, og politikken bygger på kristne, humanistiske og liberale verdiar. Omgrepa borgarrett og samfunnsansvar uttrykjer kjernen i dette verdigrunnlaget.
23.05.2012Interpellasjon til Fylkesordføraren til fylkestingssamlinga 5-6 juni 2012
Fylkestingsrepresentant Alfred Bjørlo har sendt interpellasjon til Fylkesordføraren. Bakgrunnen er at Sogn og Fjordane Kunstmuseum forvaltar store kunstskattar i fylket vårt, mellom anna samlingane etter skulptøren Anders Svor i Hornindal og Astruptunet i Jølster og fylket sine felles kunstsamlingar i Kunstmuseet i Førde med ca 800 verk.
17.05.2012Vil forplikte kommunar med vidaregåande skular
Kommunar må utfordrast på å likebehandle hybelbuarane og ta i mot dei som eigne innbyggjarar. Dette meiner Sogn og Fjordane Venstre. - Ungdommar ned i 16 år som flyttar på hybel, flyttar ikkje berre frå familie, men frå nærmiljø, vener, fastlege, fritidstilbod m.m., og dette gjere dei unge hybelbuarane til ei sårbar gruppe, seier Marit Barsnes Krogsæter, leiar i Sogn og Fjordane Venstre.
14.05.2012Venstre seier nei til norske fjordar som avfallsplassar for gruveavfall
Londonkonvensjonen mot forureining av havet set forbod mot dumping av avfall til havs. Intensjonen i EU sitt vassdirektiv er å ivareta god og forbetre mindre god vasskvalitet. Intensjonane i Forureiningslova og Naturmangfaldslova er å ivareta natur og artar ved å hindre ureining og miljøskadar.
23.04.2012Eit ope Venstre
Nominasjonsnemnda i Sogn og Fjordane Venstre har starta sitt arbeid og ber no lokallaga, og Sogn og Fjordane Unge Venstre om å kome med forslag på minimum to namn til Stortingsvallista for 2013. Nominasjonsnemnda ønskjer tilbakemelding innan 31. mai.
22.04.2012Venstre på trygg grunn
Erling Sande (Senterpartiet), er i eit innlegg i Fjordenes Tidende 20/4 uroa over Venstre sitt landsmøtevedtak om å arbeide for ei ny regjering etter valet i 2013. Landsstyremedlem og fylkestingsrepresentant Alfred Bjørlo har sendt svar til Sande som du kan lese her.


