21.03.2011 · Oljefondet må ut av Sellafield
Sogn og Fjordane Venstre krev at Regjeringa snarast trekkjer Oljefondet ut av investeringane i atomgjenvinningsanlegget i Sellafield.
19.08.2010 · På linje med Hardanger
Hadde motstanden mot kraftlinja i Hardanger kun vorte fronta av miljøromatikarar med adresse Oslo, ville vi i Balestrand Venstre truleg ikkje brydd oss noko særleg. Det vi derimot ser i denne saka treff oss venstrefolk rett i hjarterota. Omsynet til natur og miljø er sjølvsagt viktig, men det er den lokale forankringa som verkeleg gjev aksjonen truverde. Hardanger står samla på tvers av det som elles skil. Oppå dette kjem den store sympatien saka har nasjonalt både frå næringsliv og media; og det må vere eit stort tankekors for den statlege treeinigheit, Statnett, NVE og OED, at bergensarar i hopetal sluttar opp om aksjonen; Bergen som er utpeikt som katastrofeområde dersom luftlinja ikkje kjem.
09.06.2010 · Vil peresse på for ubåtheving
Etter initiativ frå Venstre kjem fylkestinget til å reise nytt press for å få fjerna det kvikksølvhaldige ubåtvraket ved Fedje. Fylkestinget vedtok i dag ei fråsegn til Stortinget om at u – båt vraket ved Fedje snarast må hevast. Samstundes vert det presisert at hevinga må utførast på ein trygg og kostnadseffektiv måte.
05.06.2010 · Miljøverndagen og Naturmangfaldåret 2010
5 juni er verdas miljøverndag, mens FN har valt 2010 som Det internasjonale naturmangfaldåret. Korleis kan vi her i Sogn og Fjordane gjer vår del for å sikre at vi tek vare på miljøet og naturmangfaldet?
19.02.2009 · Fjordvarme: Viktig miljøvenleg energikjelde
Dagleg leiar i Fjordvarme AS, Magne Hjelle, og dagleg leiar i Nordfjordeid Næringshage, Dag Henning Reksnes, hadde eit svært vellukka møte med energi- og miljøkomiteen på Stortinget 22. januar i år. Føremålet med møtet var å orientere om fjordvarmekonseptet som ei viktig miljøvenleg energikjelde og at energipotensialet er relativt stort og uutnytta. På årsbasis reknar ein med at potensialet for fjordvarme i Noreg er minst 5 Twh.

Arkiv - fortsetter
13.05.2008Melder staten til politiet
Bli medlem Gi ditt bidrag Diskuter på liberal.no
Trine SG på Facebook


Venstres Hovedorganisasjon | Møllergt. 16 | 0179 Oslo | Telefon 22 40 43 50 | Telefaks 22 40 43 51 | venstre@venstre.no
Redaktør: Nettredaksjon | Personvernpolicy | Organisasjonsnummer: 971 278 390 | Kontonummer: 7874.05.60092