Endringar i politiske verv på fylkesplan

30.10.2008 Rolf Nesheim har meldt flytting og har søkt fritak frå politiske verv i Sogn og Fjordane Venstre. Fylkestingsgruppa har hatt møte og har sendt inn framlegg til Fylkeskommunen til ny etterfølgjar etter Rolf.


Svenn Øvrebø, frå Stongfjorden vert ny fast medlem på Fylkestinget, samt varamedlem i Fylkesutvalet og i Fylkesvalstyret. Innstillinga vil verte handsama av fylkesutvalet 29.10.08 og på Fylkestinget i desember.

Kåre Jarl Langeland frå Bremanger er innstilt til å ta over som fast medlem etter Rolf i hovudutval for kultur.

Rolf har vore engasjert og aktiv i mange år i Sogn og Fjordane Venstre. Rolf er oppvaksen på Askøy, men har budd på Leikanger i 19 år, siste åra som privat næringsdrivande etter å ha arbeidd i 10 år i fylkesadministrasjonen. Han har variert politisk røynsle gjennom å ha vore ordførar i Leikanger og som fylkesleiar i Sogn og Fjordane Venstre.

Han har utført godt arbeid som politikar og har vore ein viktig organisasjonsbyggjar i Sogn og Fjordane Venstre. Vi takkar Rolf for godt utført Venstre-arbeid og ønskjer lukke til vidare i Nordhordland!

Biletet syner dei faste medlemmene på Fylkestinget: Marit Barsnes Krogsæter, Klaus Iversen og Svenn Øvrebø.

Venstres Hovedorganisasjon | Møllergt. 16 | 0179 Oslo | Telefon 22 40 43 50 | Telefaks 22 40 43 51 | venstre@venstre.no
Redaktør: Nettredaksjon | Personvernpolicy | Organisasjonsnummer: 971 278 390 | Kontonummer: 7874.05.60092