Helse Førde satsar vidare på mislukka strategi
17.03.2010 Får styret i Helse Førde viljen sin med å legge ned lokalsjukehusa i Lærdal og på Eid vil det vere eit løftebrot frå den raudgrøne regjeringa. Dersom regjeringa ikkje held lovnaden sin er eg redd vi om ti år sit att med eitt stort lokalsjukehus i Førde som etter kvart misser sentralsjukehusfunksjonane sine.

Venstre vil at vi skal bygge opp, ikkje rive ned tenestetilbodet. Vi treng betre tilbod til rusmisbrukarar, psykiatripasientar og revmatikarar for å nemne nokre. Rusposten på Eid må takast i bruk snarast utan at akuttfunksjonar skal leggast ned.
Når styret med Clara Øberg og Harry Mowatt i spissen vil sentralisere spesialisthelsetilbodet blir verknaden at spesialistar på Eid og i Lærdal tenker seg om fleire gonger for om dei skal satse på noko som kan bli borte om kort tid. Uvissa har alt ført til at mange har takka for seg, eller ikkje søker arbeid i vårt fylke. Trass i fagre lovnader frå den raudgrøne regjeringa ser vi ikkje så mykje til kompetansearbeidsplassane dei har lova å skape. Det vil bli færre av dei med den medisinen styret gjer framlegg om.
Særleg vil det gå ut over dei mange kvinnearbeidsplassane vi har i spesialisthelsetenesta. Det kan ikkje Venstre akseptere.
Venstre vil ha på plass samhandlingsreforma før ein vil vurdere eventuelle endringar i spesialisthelsetilbodet. For innbyggjarane og næringslivet vil vi ha lokalsjukehusa med akuttfunksjonar, og eit velfungerande sentralsjukehus. Så får Ingrid Heggø, Tor Bremer og Erling Sande syte for at regjeringa ikkje gløymer lovnadane frå stortingsvalkampen.




