Alfred Bjørlo

Alfred Bjørlo frå Eid klatra frå 24. plass på Venstre si fylkestingvalliste til å få mandat nr. 2 i fylkestinget. Alfred er medlem i hovudutval for opplæring. I tillegg vart han valt til ordførar i Eid kommune med eit fantastisk valresultat.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**

Alfred Bjørlo

Alfred Bjørlo

Alfred flytta tilbake til Eid i 2007 etter 15 år i Bergen og Oslo. Der har han har tatt utdanning (Universitetet i Bergen) og arbeidd med politikk, kommunikasjon og strategiarbeid. Han var m a politisk rådgivar for Nærings- og handelsminister Lars Sponheim i 1999-2000, rådgivar for Venstre på Stortinget 2000-01 og politisk rådgivar for Samferdsleminister Torhild Skogsholm i 2001-04.

Alfred brenn for mellom anna næringsutvikling, meir samarbeid i Nordfjord, miljø, energi og skule/utdanning. Han er også ein sterk forkjempar for Nordfjord sjukehus og desentralisering av statlege oppgåver. Flytt makt nedover – folk først!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**