Stopp Trond Giskes IKT-sentralisering!

Sogn og Fjordane Venstre krev at Næringsminister Trond Giske og den raudgrøne regjeringa ikkje legg nye store statlege datasatsingar til Oslo-området, men gjennom statlege IT-behov og statleg kapital bidreg til at IKT-industri blir ei framtidsnæring i Sogn og Fjordane og andre regionar.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**


IKT-industri og grøn datalagring er blant dei store vekstnæringane internasjonalt, og alle våre nordiske naboland er i ferd med å bygge ut store datasenter som gir milliardinvesteringar og mange nye arbeidsplassar.

Vestlandet og Sogn og Fjordane har blant verdas beste naturgitte føresetnader for å gjere IKT og grøn datalagring til ei stor framtidsnæring. Vi har rikeleg tilgang til rein og kortreist kraft, kompetente IT-miljø, billig og miljøvenleg kjøling og rikeleg tilgang til trygge og godt eigna areal, mellom anna i gruver og fjellrom. Prosjektet Lefdal Gruve i Nordfjord, med IBM på laget saman med mellom anna SFE og lokale investorar, er eit døme på at muligheitene vårt fylke gir kan vere globalt konkurransedyktige.

Det er difor urovekkande å sjå den passive haldninga den raudgrøne regjeringa har synt så langt til å gjere grøn IKT og datalagring til ei distriktsnæring.

Nyleg vart det kjent at det heileigde statlege investeringsselskapet Entra, med Arbeidarparti-politikar Trond Giske som generalforsamling, ønskjer å bygge eit gigantisk datasenter med statleg kapital og statlege kundar rett utanfor Oslo. Datasenteret vil krevje store mengder energi som ikkje finst tilgjengeleg i Oslo-området i dag, og difor må fraktast inn frå t. d. Vestlandet gjennom ny utbygging av linjenett frå Vestlandet til Austlandet.

Sogn og Fjordane Venstre meiner denne type oppbygging av ny kraftkrevjande industri i Oslo-gryta er fullstendig feilslått nærings- og miljøpolitikk, og eit nytt døme på at Arbeiderpartiet er sentraliseringsparti nr 1 i Noreg. Sogn og Fjordane Venstre vil ha ei regjering som er tydelege på at statlege IKT-behov og statleg kapital ikkje blir brukt til å sentralisere framtidas grøne IT-industri, men derimot til å realisere ny IKT-industri i distrikta.

Kontakt: Marit Barsnes Krogsæter, tlf. 909 98 121
Alfred Bjørlo, tlf. 480 82 685

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**