Venstre på trygg grunn

Erling Sande (Senterpartiet), er i eit innlegg i Fjordenes Tidende 20/4 uroa over Venstre sitt landsmøtevedtak om å arbeide for ei ny regjering etter valet i 2013. Landsstyremedlem og fylkestingsrepresentant Alfred Bjørlo har sendt svar til Sande som du kan lese her.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**

Kandidater til valg 2011, Venstre logo

Sande må gjerne vere uroa. Personleg er eg langt meir uroa over manglande gjennomslag for viktige felles saker for Venstre og Senterpartiet i dagens Ap-dominerte Regjering. Eg kan ikkje forstå korleis Erling Sande og Sp kan ta på seg å vere garantist for fire nye år med Ap i Regjering, når vi begge veit at Ap sit som ein bremsekloss i dei viktigaste sakene for utvikling av Sogn og Fjordane.

Venstre og Senterpartiet har felles interesser i å få ein langt meir ambisiøs klima- og energipolitikk og betre rammevilkår for små og mellomstore bedrifter, mellom anna gjennom kutt i formueskatt og arveavgift. Vi har felles interesser i å få realisert Stad Skipstunnel og få eit storstilt løft i vegutbygginga i distrikta. Både Venstre og Sp er villige til å tenke radikalt nytt om finansiering av vegutbygging og vegvedlikehald. Vi har også felles interesser i å få spredt makt ned frå staten til lokaldemokratiet, få ein helsepolitikk som tek også folk i distrikta på alvor og i å få til den utflyttinga av statlege arbeidsplassar frå Oslo som har stoppa opp med den raudgrøne regjeringa.

På alle desse avgjerande politikkområda for Sogn og Fjordane er det Arbeiderpartiet som er bremseklossen. Ved valet i 2013 gir difor Venstre eit klart løfte: Vi skal medverke til å gi Ap avløysing frå regjeringskontora, og få på plass ei ny regjering som set folk først og får fart på Noreg. For oss er det dei politiske resultata som tel.

Eg håpar framleis på eit godt samarbeid med Erling Sande og Senterpartiet om ein ny politisk kurs i Noreg etter 2013. Alternativet er at Sp går til val som garantist for fire nye år med ei Ap-dominert Regjering. Akkurat det trur eg ærleg talt verken eg eller Erling Sande ynskjer.

Alfred Bjørlo
Landsstyremedlem i Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**