Marit på tingsete i Loen

Årsrapporten frå fylkeskommunen for 2011 som er lagt fram inneheld mykje bra. Økonomistyringa er god og vi har gjort mykje bra i året som gjekk. Eg vil her komme inn på ein del ting som vi kanskje kan bli litt betre på.
Eg er optimistisk med tanke på framtida her i fylke, vi har mange ressursar og gode kvalitetar som vi kan bygge på , men då må vi som fylkeskommune forvalte dei bra.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**

Marit Barsnes Krogsæter

Marit Barsnes Krogsæter

Vi er veldig opptatt av folketalsutvikling og det er positivt, vi må jobbe for at folk vil bu og busette seg her i fylket, men vi må ikkje planleggje for ei framtid der fylket skal bli avfolka. Det blir heilt feil når vi i skulebruksplane berre ser på kor mange som er fødde i Sogn og Fjordane, dersom vi ser på folketalsutviklinga så er flyting ut og inn av fylket eit vel så stort bidrag til kor mange elevar som vil begynne på vidaregåande her i fylket om 10-15 år. Vi må vere optimistar og sjå på muligheitene for vekst i fylket, og dei er mange.

Vi skal ha folketalsvekst ikkje nedgang. Vi må til rettelegge for næringslivet og ikkje motarbeide det. Spesielt gjeld dette vegar og anna infrastruktur.

Vi må sjå kor potensialet til vekst er størst i fylket, og her må vi finne gode løysingar slik at vi greie å ta vare på utviklingspotensialet. Dersom vi greier det får vi eit lokomotiv som kan dra heile Sogn og Fjordane med seg til folkevekst og utvikling. Vi har ein kyst i Sogn og Fjordane med ei enorm verdiskapning. Ca. 75 % av verdiskapinga i industrien i Sunnfjord skjer i Hafs og Flora, tek vi med oss Bremanger, Vågsøy og Selje så har vi eit enormt potensial, men vi greier ikkje å få fram dette potensiale på grunn av mangel på kommunikasjon og vegar. Vi treng ein kystveg og vi treng å få til dei gode sambanda vi hadde før anbodsrunden på fly og båtar.

Det at vi legg ting utpå anbod skal føre til at det blir konkurranse og at vi får dei beste og billigaste tenestene, ikkje at vi får dårlegare tenester på fly og båt.
Anbodsystemet stiller stor krav til oss som bestillar og eg stiller meg spørsmålet er det riktig at vi bygger opp kompetanse på dei ulike områd, noko som vil føre til ein sterk byråkratisk vekst og kanskje oppbygging av eit B- lag, for det vil vere vanskeleg for oss og konkurrere med dei store om dei beste fagfolka.

Finnast det andre måtar og løyse dette på? Andre fylkeskommunar har løyst dette på andre måtar eg trur at vi og må sjå på det. Dessutan sit vi i ein langt vanskelegare situasjon enn dei andre fordi vi er store eigarar i transportselskap og derfor må trå ekstra varsamt.

Kollektivsatsing har ikkje berre med økonomi å gjere, det har også med å sjå ting i samanheng og her har vi i det siste gjort eit stort tilbakesteg. Det å køyre samanhengande med buss i Sogn og Fjordane er blitt langt dårlegare i dei siste åra og ventetid på plassar der det er vanskeleg å vente i “styggevær” er blitt fleire. Det er ikkje greitt å stå på Vadheim, Byrkjelo eller Grov der det knapt er eit busskur.

Skal vi få folk til å nytte kollektivtrafikken må buss, båten og flyet gå, ingen kan reise med ein buss som ikkje går og vi kan ikkje miste korrespondansane som er innarbeidd gjennom mange år. Vi i fylkeskommunen må ikkje gi tilbydar all makt til å bestemme rutetilbodet, vi må bestille det som er best for våre innbyggjarar.

Vi som fylkesting må ta rolla vår som regionalutviklar på alvor, det er ikkje nok med planar, vi må også vise det i handling. Vi må sjå på alle dei små faktorane som til saman gjer det store heile.

Til slutt vil eg i dag på Miljødagen sjå litt på miljøet i årsmeldinga, og i planane våre eller snarare mangel på miljøperspektivet. Her må vi bli finkare å ta miljøomsyn med i alle planer. Det bør være overordna alt. Miljøet er langt meir enn fornybar energi, og vi må passe oss for at vi i vår iver etter å bygge ut mest mulig fornybar energi ikkje øydeleggjer sårbar og unik natur.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**