Vil du verte Sogn og Fjordane Venstre sin valkampsekretær?

Har du lyst til jobbe fulltid for at Sogn og Fjordane Venstre kjem på Stortinget i 2013? No har du sjansen til å bli partiet sin valkampsekretær. Vi treng deg i 100% stilling i tre månadar frå 15. juni til 15. september 2013. Søknadsfrist 5. februar 2013.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**

Vakampturne i Sogn og Fjordane

Den som vert tilsett må forvente å arbeide ein del på kveldstid. Det kan også verte noko helgajobbing. Du vil ha eit nært samarbeid med dei øverste kandidatane på stortingslista og valkamputvalet.

Vi søkjer ein person med gode samarbeidsevner, stor arbeidskapasitet og evne til å handtere stress i ein hektisk valkamp. Gode datakunnskaper er naudsynt og du må dele Venstre sitt grunnsyn. At du har kjennskap til Venstre sin politikk både nasjonalt og lokalt er både ønskjeleg og ein fordel.

Lønn etter avtale.

For meir opplysningar om stillinga, vilkår o.l. kontakt fylkesleiar Marit Barsnes Krogsæter, tlf. 909 98 121 eller leiar i valkamputvalet Ragnar Eimhjellen, tlf. 402 02 948.

Søknadsfrist: 5. februar 2013.

Søknad vert å sende på e-post til [email protected]

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**