Behald Alarmsentralen i Sogn og Fjordane

Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) varsla i høyringnotata av 9. januar i år nedlegging av alarmsentralen i Sogn og Fjordane. Sogn og Fjordane Venstre går imot dette, då vi fryktar at ei slik nedlegging vil gi eit dårlegare tilbod.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**

Marit Barsnes Krogsæter og Sveinung Rotevatn

Marit Barsnes Krogsæter og Sveinung Rotevatn

Alarmsentralen i Florø er ein av dei mest moderne i landet, og dei tilsette har god lokalkunnskap som er avgjerande ved ulukker eller brannar i Sog og Fjordane.

Alarmsentralen er bindeleddet mellom dei ulike fag- og beredskapsmiljøa i Sogn og Fjordane, og er bygd opp og lokalisert etter føringar frå DSB.

Sogn og Fjordane Venstre meiner at prosessen rundt denne omorganisering vitnar om ein rmaktdemonstrasjon der all form for lokaldemokrati er sett til side. Det heile framstår som eit misbruk av 22. juli-rapporten, og vi meiner det blir trekt konklusjonar det ikkje er tilstrekkelig fagleg grunnlag for.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**