Stortingskandidat Rotevatn starta valkampen i Gloppen

Sveinung Rotevatn starta måndag valkampen i Gloppen, med bedriftsbesøk hos Mona Vekst og paneldebatt i Trivselshagen. Firda Tidend var med Rotevatn og Gloppen Venstre, og her kan du lese kva dei skriv om besøket.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**

Sveinung Rotevatn

Sveinung Rotevatn

Sveinung Rotevatn lada opp til landbruksdebatt med bedriftsbesøk hos Mona Vekst. Der vart han imponert. – Før valkampen startar for alvor, reiser eg rundt og gjer meg kjent i fylket, seier han.

Før førstekandidaten til Sogn og Fjordane Venstre deltok i landbruksdebatten i Trivselshagen, vitja han Mona Vekst. Det er lekk i ein strategi. I tida før valkampen startar for fullt, reiser han rundt i fylket for å gjere seg kjent, og la folk bli kjent med han.

Imponert
Hos Mona Vekst vart han vist rundt av dagleg leiar Steinar Sægrov og orientert av avdelingsleiarar. – Lokale partifolk tok initiativet. Det var ein god ide å vitje Mona Vekst, for dette er ein litt annan type bedrift enn vi oftast vitjar. Eg vart veldig imponert over det eg såg, seier Rotevatn som bur på Nordfjordeid der han er kommunepolitikar. Han er framleis leiar i Unge Venstre, samtidig som han no for alvor tek steget over i “vaksen-politikken”. – Sjølv om vi har høg sysselsetjing i Noreg, fell mange utanfor arbeidslivet. Å yte til fellesskapet og ha ein meiningsfull kvardag er utruleg viktig og aukar trivselen. Derfor var det flott å sjå den store aktiviteten hos Mona Vekst, seier Rotevatn.

Bru Lote – Anda
Den unge Venstre-politikaren meiner han har ein realistisk sjanse til stortingsplass. – Venstre er eit lite parti på landsbasis, men bra stort i fylket. Dersom vi kjem over den nasjonale sperregrensa på fire prosent, viser fleire meiningsmålingar at vi kan kome inn på utjamningsmandat, seier Sveinung Rotevatn. Han har E39 midtre linje med bru Lote – Anda som ei av dei viktigaste kampsakene, noko han illustrerte godt i avslutningsinnlegget i landbruksdebatten då han song ein omarbeidd versjon av songen “Eg heiter Ola Tveiten…” og slo fast midtre linje. – Dessutan vil vi prioritere skule, klima og miljø, gode vilkår for næringslivet, fornuftige skattelette og støtte til grunderar, ramsar Rotevatn opp.

Stå ved
– Og dei standpunkta du gjev til kjenne i valkampen vil du stå ved? – Vi i Venstre legg mykje vekt på at vi ikkje lovar for mykje. Det er ikkej bra for demokratiet at politikarar går frå tidlegare standpunkt som t.d. Bjørn Lødemel som snudde på hælen, eller Senterpartiet som hadde samferdsleministeren og lova gratis ferje, seier Rotevatn. Han trur det vert eit “rotterace” og ein veldig spennande valkamp, særleg etter som Sogn og Fjordane får redusert talet mandat frå fem til fire. – Dette blir ein regjeringsvalkamp. Eg stiller til val fordi det som har vore gjort no ikkje er godt nok, seier Sveinung Rotevatn.

Reportasjen var på trykk i Firda Tidend onsdag 6.mars.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**