Ope møte på Skei hotell om skulebruksplanen

Søndag 26. mai kl. 15.00 har Sogn og Fjordane Venstre v/fylkestinggruppa invitert alle medlemmer og media til å komme på møte om skulebruksplanen. Møtet startar etter at valkampsamlinga på Skei er avslutta.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**

Studenter, høgskole, universitet, studier

Første del av møtet ønskjer vi innlegg om skulebruksplanen.
Etter alle innlegg opnar vi for diskusjon.

Fylkestinggruppahar sett av heile ettermiddag og kveld til Skulebruksplanen.

Vegen vidare:

Torsdag 16 mai:
Fylkesrådmannen legg fram sitt forslag. Forslaget vert lagt ut på www.sfj.no kl. 10.00 same dag.

Måndag 27. mai.
Gruppemøte på Hermansverk, Fellesmøte.

Tysdag 28 mai. :
Undervisningsutvalet handsamar skulebruksplanen.

Onsdag 5.juni:
Fylkesutvalet

11.-12. juni:
Fylkestinget 11 — 12 juni.


Fylkestinggruppa sitt fokus har vore:

1. Kunnskap i skulen
2. At elevane skal ha fridom til å velje kva skule dei skal gå på.
3. Å halde på den desentraliserte skulemodellen vi har i Sogn og Fjordane, slik at dei fleste unge kan bu heime lengst mogeleg samstundes som dei har eit godt og breitt tilbod innanfor rimeleg reiseavstand.
4. Ha likeverdige skuletilbod i dei tre regionane samstundes som vi beheld dei fylkesdekkande linene som over tid har opparbeidd verdfull kompetanse og erfaring.
5. Betre tilpassinga av studietilbodet til næringslivet sine behov.
6. Sette krav til kommunane om at dei tek vare på hybelbuarane

Punkt 1 — 5 er saksa frå programmet vårt til fylkestingsvalet. 6 er med bakgrunn i ei fråsegn vi hadde for ein par år sidan; og som både Marit Barsnes Krogsæter og Gunhild Berge Stang har vore ute i media om.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**