Venstre og KrF krev E39-avklaring: Vil ha midtre trasé

Trine Skei Grande og Knut Arild Hareide ber no regjeringa kome med ei avklaring i E39-saka. – Vi går for midtre trasé over Lote-Anda, seier Skei Grande.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**


Mange hadde venta ei avklaring på spørsmålet om traséval for framtidig E39 då Nasjonal Transportplan (NTP) vart lagt fram 12. april. Den kom ikkje. Neste veke skal NTP opp til handsaming i Stortinget, og no krev Venstre og KrF handling frå regjeringa.

– Spørsmålet om traséval generelt, og fjordkryssing spesielt, er heilt avgjerande for den framtidige utviklinga i Nordfjord. No må regjeringa vise handlekraft, seier stortingskandidat Sveinung Rotevatn.

 Førstekandidat Sveinung Rotevatn

Førstekandidat Sveinung Rotevatn
Foto: Sogn og Fjordane Venstre

Han får støtte frå Venstre-leiar Trine Skei Grande, som meiner brukryssing over Lote-Anda er det mest framtidsretta.

– I distriktsmeldinga som vart lagt fram tidlegare i vinter peikar regjeringa på viktigheita av å knyte saman bu- og arbeidsmarknadsregionar. Dette er eit mål Venstre støttar, og bru over Lote-Anda er å setje denne politikken ut i praksis, seier Skei Grande.

Samla front

No går Venstre saman med Kristeleg Folkeparti om å krevje ei avklaring. KrF meiner også at E39 bør følgje midtre trasé, og partileiar Knut Arild Hareide, som er leiar for Stortingets transport- og komunikasjonskomité, er oppteken av av at vegen skal bidra til regional utvikling.

– Den regionale nytten for Nordfjord er noko eg trur vil vere viktig når Stortinget skal ta si endelege avgjerd, seier Hareide.

Førstekandidat for Sogn og Fjordane KrF, Trude Brosvik, fryktar for konsekvensane dersom kyststamvegen vert lagt innst i nordfjorden.

– Det vil vere sterkt beklageleg dersom E39 gjennom Nordfjord ikkje skal krysse ved Anda-Lote og dermed utløyse størst mogeleg regional utvikling. Eg trudde det var ein av dei vikttgaste grunnane til å bygge veg, seier Brosvik.

Lyttar til lokale folkevalde

I fjor gjorde fylkestinget i Sogn og Fjordane vedtak om at E39 framleis skal gå midt i Nordfjord. Trude Brosvik meiner dette er noko sentrale styresmakter bør leggje stor vekt på.

– Eg forventar at Stortinget følgjer Fylkestinget sitt fleirtalsvedtak. Viss regjeringa ikkje klarer å bli samde om ei fjordkryssing i Sogn og Fjordane, så må dei i alle fall slutte å snakke om at det andre regjeringsalternativet er «kaos-regjering, seier ho.

Også Venstres partileiar meiner det må leggjast avgjerande vekt på fylkestinget sitt syn i denne saka.

– I Venstre har vi tradisjon for å lytte til lokale folkevalde. Ikkje minst i samferdslesaker er det viktig å lytte til dei som faktisk skal bruke vegen. Når både næringslivet i Nordfjord og fleirtalet av dei folkevalde meiner midtre trasé er det beste valet for området, er det noko Venstre legg stor vekt på, seier Skei Grande.

Krev avklaring

Norman-rapporten viser at ferjefri fjordkryssing midt i Nordfjord er eitt av dei mest samfunnsøkonomisk lønsame prosjekta på heile E39. Også regjeringa sin kvalitetssikringsrapport (KS1) har tilrådd brukryssing i midtre over Lote-Anda. Sjølv om andre rapportar har peika på indre trasé, meiner Sveinung Rotevatn i Venstre at det no er på tide å konkludere med midtre.

– Potensialet for å knyte saman arbeidsmarknadar gjennom midtre trasé er så enormt mykje større at omsynet til regional utvikling klart talar for bru Lote-Anda. Eit slikt prosjekt vil truleg kome langt fram i køen for å realisere ferjefri E39, og vil kunne finansierast nær 100 prosent gjennom brukarbetaling. Valet burde vere openbart, og no krev Venstre og KrF at regjeringa kjem med ei avklaring, seier Rotevatn.

Nyhendesaker om utspelet:

Firda Tidend: Venstre og KrF krev E39-avklaring: Vil ha midtre trasé
NRK Sogn og Fjordane: Venstre og KrF går for midtre
Firda: Venstre og KrF går for midtre – Høgre vil ha indre
Sunnmørsposten: Krev E39 i midtre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**