Bygg veg som gir vekst!

Ingenting er meir effektiv nærings- og distriktspolitikk enn målretta satsing på samferdsle. Å bygge vegar er å bygge bu- og arbeidsmarknadsregionar.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**

Alfred Bjørlo LM2012

Foto: Helene Z Skulstad

Den nasjonale satsinga på “Ferjefri E39” er eit gjennombrot for å tenkje samferdsle på ein ny og meir offensiv måte. Vi skal i løpet av 20 år bygge dei vegane som skal skape vekst og utvikling på Vestlandet i “evighetens perspektiv”, utvikle nye, robuste bu- og arbeidsmarknadsregionar og erstatte ferjer som skil med bruer som bind saman. Med Ferjefri E39 skal vi for all framtid binde Vestlandet saman.

Møre og Romsdal, Hordaland og Rogaland gjer for tida alt dei kan for å dokumentere dei enorme gevinstane av å knyte saman regionale bu- og arbeidsmarknader i sine fylke. Nabofylka våre knuslar ikkje. Dei vil bygge dei vegane som gir størst effekt på regional utvikling. Dei vil bygge for vekst i framtida – ikkje for å spare statlege kroner i notida.

Spør du Høgre sin førstekandidat Bjørn Lødemel om eit valfritt tema, vil han som oftast svare Kvivsvegen. Kvivsvegen er ein nyttig veg. Han bind saman Søre Sunnmøre og Indre Nordfjord til ein felles bu- og arbeidsmarknadsregion. I tillegg skaper vegen eit nytt aust-vest-samband frå Sunnmøre via Strynefjellet. Kvivsvegen tener si hensikt. Det er rett og slett eit ypperlig døme på at ein veg virkar – det er slike vegar vi treng fleire av!

Det absurde blir at i staden for å bruke Kvivsvegen som eit argument for å bygge MEIR veg for meir vekst og verdiskaping andre stader enn i Stryn og Hornindal, brukar Bjørn Lødemel og hans siamesiske vegtvilling Nils P. Støyva Kvivsvegen som eit argument MOT meir statleg vegsatsing for å binde saman fleire regionar i Sogn og Fjordane.

Bjørn Lødemel: Det er ikkje sant som du no slår om deg med at ein “billig-variant” av ferjefri E39 lengst inne i Nordfjorden gir større samfunnsnytte enn ein trase midt gjennom regionen. Samfunnsnytten er mange milliardar større av å legge vegen i midten, der flest når han og nytten er størst. Så er det rett at også kostnadene er noko høgare – men nytten er tilsvarande større, og vi erstattar ferjer med bruer for evig tid.

Det er heller ikkje sant som du no skriv at ein E39-trase i midtre er lenger. E39 “rett fram” mellom Skei og Volda via Lote-Anda kan gi den kortaste traseen målt i kilometer, med mindre stigning for tungtrafikken og like kort reisetid som ein trase i indre. Attpå til er ei brukryssing midt i fjorden som erstattar ferge, i staden for ei bru heilt inne i fjordbotnen som ikkje erstattar noko som helst, ein veg transportnæringa i vår region faktisk vil bruke og ha nytte av.

Sogn og Fjordane treng vekst og utvikling. Då ville det vere galskap å la den gyldne sjansen gå frå oss til å bygge E39 slik at vegen gir maksimal regional utviklingskraft for framtida – i vårt fylke som på Vestlandet elles. Og får vi ein “pakke” der Fv 60 blir løfta opp som riksveg med ekstra statlege vegkroner i tillegg slik at vi kan frigjere midlar til rask bygging av t d Kystvegen Måløy-Florø – ja, då burde vi hive oss rundt og slå til, framfor å stritte mot.

Kjære Bjørn: Ingen skal ta frå deg Kvivsvegen. Han skal gå gjennom heimbygda di for all framtid. Men vi må også utvikle resten av fylket. Med framlegget til E39-løysing som no ligg på bordet, bind vi saman fleire bu- og arbeidsmarknadsregionar, samtidig som vi får bygd ein E39-trase midt gjennom Sogn og Fjordane som erstattar ferjer, gir kort veg nord/sør, har størst mulig nytteverdi for samfunnet og frigjer statlege vegkroner til større samferdslesatsing elles i fylket.

Rett blikket framover, og ikkje ver redd for naboen, Bjørn. Vi veit begge at sindige Høgre-folk elles rundt om i fylket ikkje har traseval for E39 i Nordfjord øvst på si liste over kampsaker. Det er få utanfor Stryn og Hornindal som sovnar om kvelden med Kvivsvegen brodert inn på hovudputa, men mange som vil ha ei løysing på saka og kome vidare.

La oss bygge sterkare bu- og arbeidsmarknadsregionar og slåst saman FOR nye vegar, ikkje mot. Det er dette Høgre er ein pådrivar for overalt elles i landet, og det er slik vi byggjer vekst og utvikling for framtida. God valkamp!

Alfred Bjørlo, fylkestingsrepr. for Venstre og ordførar i Eid

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**