Sogn og Fjordane treng ein ambisiøs næringspolitikk!

Sogn og Fjordane treng eit sterkt Venstre, og ein politikk som legg til rette for at eit mangfald av små og større bedrifter kan etablere seg og vekste i fylket vårt, skriv andrekandidat, Gunhild Berge Stang i dette innlegget.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**

Gunhild Berge Stang

Foto: Sogn og Fjordane Venstre

I ein fersk rapport frå Næringslivets Hovedorganisasjon frå juni 2013 kan vi lese at Sogn og Fjordane har færrast nyetableringar pr. innbyggjar i landet. Diverre får vi eit tilsvarande varsko når Arvid Andenæs, direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane, i Firda 8. august presenterer gode resultattal for banken i 2012, men samstundes uttrykkjer bekymring for næringslivet i fylket. Andenæs viser til liten tilgang på risikovillig kapital for næringslivet i fylket vårt og at investeringane i næringslivet her ikkje er i takt med utviklinga i resten av landet. Banken merkar dette direkte i form av reduksjon i utlån til næringslivet.

Dette er ein alvorleg situasjon for fylket vårt. Vi veit at Sogn og Fjordane er eit fylke rikt på ressursar, både dei naturgjevne og dei menneskelege. Dei førstnemnde har vi som grunnkapital, spørsmålet er om vi klarar å ta vare på dei sistnemnde også.

Sogn og Fjordane er kjenneteikna av at vi har eit breitt spekter av små og mellomstore bedrifter som tener pengar, skapar arbeidsplassar og skaper verdiar for eigarane som vert reinvestert i ny vekst.
Venstre får merksemd rundt sin gode politikk på miljø og skule, men har samstundes i alle år hatt eit omdømme som eit næringsvenleg parti, spesielt for små og mellomstore bedrifter. Dette er spesielt viktig i eit fylke som Sogn og Fjordane der dei små og mellomstore bedriftene ikkje berre er ryggrada i næringslivet, men i heile samfunnet vårt. Eit blømande næringsliv er den største garantisten for ein spreidd busetnad og den viktigaste faktoren for å styrke den langsiktige økonomien i distrikta.

Venstre gjev dei beste løysingane på dei problemstillingane som næringslivet tek opp. I ei blågrøn regjering vil Venstre mellom anna arbeide for å betre sjølvstendig næringsdrivande sine rettar knytt til sjukdom, omsorg for eigne barn og pensjon. Andre dømer på viktige tiltak er å heve beløpsgrensa for oppgåveplikt, gjere det lettare å tilsetje nr. 2 i ei bedrift, heve skattefrådraget for innbetaling til eigen tenestepensjon for sjølvstendig næringsdrivande, redusere byråkrati, styrke satsinga på entrepenørskap i skulen, og gradvis fjerne den særnorske formueskatten.

Det er eit lønsamt næringsliv som gjere at vi som lønsmottakarar er dei gode forbrukarane av varer og tenester, og som dermed sikrar staten og kommunane dei verkeleg store skatteinntektene i form av meirverdiavgift, arbeidsgjevaravgift og inntektskatt.

Sogn og Fjordane treng difor eit sterkt Venstre og ein politikk som tek vare på og legg til rette for at eit mangfald av små og større bedrifter kan halde fram med å etablere seg og vekse i fylket vårt.

Gunhild Berge Stang
2.kandidat for Venstre, Sogn og Fjordane

Innlegget er sendt til avisene i fylket.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**