Gode resultat frå skuledebattane

Tysdag kveld får vi resultata frå samtlege vidaregåande skular i landet. Somme skular har likevel gjennomført valet allereie, og resultata er svært gledelege for Venstre sin del.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**

skuleval1

Foto: Peder Hauge

Sveinung Rotevatn, Peder Hauge, og Daniel Gangeskar tar årets debattar for Sogn og Fjordane Unge Venstre. Desse tre dekker alle vidaregåande skulane i fylket i tillegg til fire folkehøgskular. Berre fire skular står att, før vi tysdag kveld får resultata frå alle skulane.

Nokre resultat har vi likevel fått inn, og for liberale Venstre-vener bør dette vere gledelege lesing:

Mo og Jølster vgs. 8,5% – Peder
Frå 0,7% i 2009 til 8,5% i 2013.

Nordfjord fhs 23,9% – Peder
Venstre største parti med 23,9%
Les meir: Venstre til topps!

Dale vgs. 23,0% – Sveinung
Nest størst med 23,0%
Les meir: Ap og Venstre vann skulevalet

Sjå video: Peder Hauge sitt opningsinnlegg på Øyrane vgs.
Sjå video 2: Sveinung på Vestlandsrevyen før debatten på Hafstad vgs.

Samla resultat blir annonsert på Samfunnsveven og i media, tysdag kl. 20:00

Resultata frå folkehøgskulane gjeld ikkje med i det samla ordinære skulevalet.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**