Venstres kapitalpakke for næringslivet i Sogn og Fjordane

Venstre vil stimulere til næringsutvikling, vekst og verdiskaping. Her er Venstres 10-punktspakke for betre kapitaltilgang for næringslivet i Sogn og Fjordane.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**

Sveinung Rotevatn på LPN 2013

Foto: Sogn og Fjordane Venstre

Eit sterkt næringsliv er viktig for framtida til Sogn og Fjordane. Men for Venstre er gode rammevilkår for små og mellomstore bedrifter også eit verdival! Det er eit sjølvstendig mål for Venstre at fleire startar eiga bedrift og at fleire bestemmer over eigen arbeidsdag. I tillegg er det viktig for maktspreiing i økonomi og samfunn å ha mange næringsdrivande og eit mangfald av bedrifter over heile landet.

Manglande kapitaltilgong held no på å bli kritisk for små- og mellomstore bedrifter generelt – og spesielt i eit distriktsfylke som Sogn og Fjordane. Den raudgrøne regjeringa har ikkje tatt problemet på alvor, men hindrar i staden nytekning med gamle Ap-flosklar om “skattelette for de rike”. Høgre sine framlegg om massive kutt i risikokapitalordningane frå Innovasjon Norge er heller ikkje rett medisin. Det vitnar om manglande forståing frå “Oslo-Høgre” for næringslivet i distrikta sine utfordringar.

Venstre er eit småbedriftsparti – vi set morgondagens bedrifter først. Venstre vil lansere følgande 10-punktspakke for betre kapitaltilgang for næringslivet i Sogn og Fjordane.

•Innføre eit minstefrådrag på 100 000 kroner for alle sjølvstendig næringsdrivande. Venstre er einaste parti som har programfesta dette.
•Gi betre tilgang til etablerarstipend og risikokapital frå Innovasjon Norge, og halde oppe statlege tilskot til regional utvikling og nyskaping. Venstre er usamde med Høgre sine framlegg om kraftige kutt i desse ordningane.
•Innføre eit eige skattefrådrag, KapitalFUNN, for bedrifter som driv aktiv knoppskyting. Ordninga vil bety at bedrifta får eit skattefrådrag tilsvarande 20 prosent av summen ein går inn med, avgrensa til inntil 500 000 NOK per person. Ordninga skal også gjelde for gründeren.
•Innføre ei ordning med førehandskvalifisering av investorar, såkalla “forretningsenglar”. Det betyr at eit nystarta selskap som får ein førehandskvalifisert investor til å gå inn i selskapet dei første månadene, automatisk vil få eit stipend på 100 % av investert sum, mellom 0,7 og 1,5 mill. NOK. Venstre er einaste parti som går inn for dette.
•Fjerne arbeidsgivaravgifta dei første tre åra for bedrifter med færre enn fem tilsette. Venstre er einaste parti som har programfesta dette
•Vri dei store statlege investeringsfonda frå “trygge” investeringar i etablerte bedrifter til risikokapital i nye bedrifter
•Gi utvida høve til direkte frådragsføring for uløna forsking- og utviklingsarbeid i eiga bedrift
•Fjerne arveavgifta for å lette generasjonsskifte i bedriftene. Redusere og på sikt fjerne formueskatten
•Erstatte dagens statlege ordningar med risikolån med statleg forsterka, private risikokapitalfond.
•Kraftig forenkling av det offentlege verkemiddelapparatet til næringslivet:
Samordning av Innovasjon Norge, SIVA, fylkeskommunen og Forskingsrådet.
Større og sterkare kommuner med samla ansvar for næringsutvikling og grunderhjelp – kommunereform “a la NHO

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**