Politianalysen – Høyringsfråsegn frå fylkeskommunen

Sogn og Fjordane Fylkeskommune krev at det vert oppretthalde ein desentralisert struktur på polititenestene i landet og at Sogn og Fjordane vert oppretthalde som eige politidistrikt.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**

Politi

Sogn og Fjordane Fylkeskommune er sterkt kritisk til utvalet sitt framlegg til strukturreform. Vi meiner at framlegget i realiteten vil innebere ei omfattande sentralisering av politietaten. Utvalet seier m.a. at den lokale strukturen er eit reelt hinder for politiet sitt høve til å drive effektiv førebygging, sikre lov og orden og tilby ei god polititeneste lokalt. Vi deler ikkje dette synet, og er sterkt i tvil om eit større politidistrikt vil gje eit tryggare samfunn, og gjere politiet betre rusta til å førebyggje og kjempe mot kriminalitet. Vi meiner at tilgjengelege fakta syner noko anna. Vi viser mellom anna til Sogn og Fjordane Politidistrikt sin oppklaringsprosent for brotsverk, som er blant dei høgaste i landet. Samanliknar ein små og store distrikt sine resultat på dei mest sentrale område for året 2012, vil ein sjå at det er lite som støttar opp under utvalet sin teori om at stort er best.

Utvalet har samanlikna strukturen og organiseringa av norsk politi med politiet i nabolanda våre. Både i Sverige, Danmark og Finland er det gjennomført, eller føregår ein reduksjon av talet politidistrikt. Vi meiner at det ikkje utan vidare er fruktbart å gjere slike samanlikningar. I motsetnad til i Sverige, har i det i Noreg vore eit viktig politisk mål i hindre fråflytting frå distrikta, m.a. ved å oppretthalde ein desentralisert struktur innan offentleg forvaltning. Eit lokalt forankra politi som yter tenester der folk bur, har vore ein del av dette.

Sogn og Fjordane Fylkeskommune meiner det er ein fordel, i både etterforsking og operativt politiarbeid, at politiet har gode lokalkunnskapar. Vi trur vidare at det er ein styrke for både etaten sjølv og samfunnet rundt at politiet er integrert i lokalsamfunna, ikkje minst for å kunne drive førebyggjande politiarbeid. Vi kan ikkje sjå at samfunnet har endra seg slik at det er grunn til å endre på dei grunnleggjande prinsippa for politiet, som politirolleutvalet i si tid la til grunn. I desse prinsippa inngjekk m.a. at politiet skulle vere desentralisert og integrert med lokalsamfunnet. Vi er også redd for at det vil gå utover tilliten til politiet dersom sentralisering fører til lengre uttrykkingstid.

Sogn og Fjordane Fylkeskommune vil peike på at 22. juli-kommisjonen i sin rapport m.a. sa at dei viktigaste lærdommane ikkje først og fremst handlar om organisering, lovgjeving og ressursar, men om kultur og leiing. Det ser ut som om politianalyseutvalet langt på veg har kome til det motsette resultatet. Utvalet har mellom anna konkluderer med at « politiets evne til å levere gode polititjenester og drive effektiv kriminalitetsbekjempelse i fremtiden avhenger i betydelig grad av politiets struktur og organisering:» Vi kan ikkje sjå at den omfattande sentraliseringa av politiet som politianalyseutvalet føreslår, kan grunngjevast med 22. juli-kommisjonen sine tilrådingar. Politiet må ikkje vere så innretta på å møte dei alvorlegaste hendingane, at dei ikkje evnar å reagere tilstrekkeleg raskt og effektivt på dagleglivet sine utfordringar.

Sogn og Fjordane Fylkeskommune vil ha eit politidistrikt som kjenner fylket godt, både med omsyn til geografi og faglege utfordringar. Ei organisering etter regionsmodellen vil gjere det nødvendig å bygge opp eit administrativt og operativt styringsnivå mellom politidistrikta og politistasjonane/lensmannskontora. Det vil krevje ressursar som fort vil ete opp dei ressursar som eventuelt kan frigjevast ved ein reduksjon i talet politidistrikt. Ein eventuell politiregion Vest vil få eit distrikt med ein kortaste køyreavstand mellom ytterpunkta på over 60 mil.

Eit viktig poeng i politianalysen er at ein skal slanke administrasjonane ved ei samanslåing, og såleis frigjere kapasitet for vanleg politiarbeid. Men Sogn og Fjordane politidistrikt har 5,7 administrative årsverk pr. 100 tilsette. Berre eitt politidistrikt har under 5. Hordaland har til samanlikning 9 og Oslo 9,5. Tala tilseier dette vert særs krevjande å gjennomføre ein slik slankekur.

Sogn og Fjordane Fylkeskommune meiner politiet bør ha gode system for «nabohjelp» og samhandling med politiet sine sær-organ og kunne sikre spesialisert kompetanse på viktige område, utan at dette krev omfattande endringar i politidistriktsstrukturen.
Alarmsentralen i Sogn og Fjordane (ALSF) flytta i nytt bygg i Florø saman med politiet i 2008. Motivasjonen for ei slik samlokalisering var å støtte kvarandre med tenester. Organiseringa i dag tek høgde for ei fleksibel ordning med kapasitet til å løyse oppgåvene ved hendingar med aktivitetsnivå utover det normale. ALSF er den einaste staden, i tillegg til Drammen, der 110 sentralen er samlokalisert med 112 sentralen. ALSF har det siste av ustyr og framstår som ein av dei mest moderne i landet, tilrettelagt for nytt naudnett.

I den vidare prosessen med politianalysen må det leggjast stor vekt på at politiet vert organisert på ein slik måte at etaten er i stand til å samhandle godt med andre beredskapsorganisajonar lokalt og regionalt. Like eins er det viktig å unngå at politiet distanserer seg frå anna lokal og regional forvaltning. Vi meiner det er viktig å ikkje bryte opp nettverk og strukturar som fungerer godt.

Sogn og Fjordane Fylkeskommune vil uttrykke sterk uro for dei parallelle administrative prosessane som er under behandling. Det er viktig at det vert teke tilstrekkeleg omsyn til dei konsekvensane endringane samla sett føre til, når det gjeld viktige tenester for innbyggjarane i Sogn og Fjordane.

Sogn og Fjordane Fylkeskommune viser også til uttalane frå andre instansar i Sogn og Fjordane og fylkesrådmannen si saksutgreiing.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**