Ola Elvestuen kjem til Førdefjorden

Venstre har lenge arbeidd mot eit fjorddeponi i Førdefjorden. Førstkommande fredag kjem vår Ola Elvestuen til Førdefjorden for å møte venstrefolk og andre aktivistar som ynskjer at fjorden skal vere deponifri. – Dette ser vi fram til, seier den nyvalde fylkesleiaren Gunhild Berge Stang. Alle er velkommen til å vere med. I tillegg til Ola Elvestuen kjem vår Stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**

Førdefjorden Engebøprosjektet

Programmet for dagen:

15:30: Markering på kaia i Vevring

– appell ved Ola Elvestuen, leiar i miljø- og energikomiteen på Stortinget, Venstre
– appell ved Sveinung Rotevatn, stortingsrepresentant frå Sogn og Fjordane, Venstre
– Appellar ved Naturvernforbundet, Miljøgruppa i Førdefjorden, Natur og Ungdom, Norsk villaksforvaltning m.f
– Havets festbord

17:00: Medlemsmøte i Venstre med deltakarar frå organisasjonane og andre aktørar som arbeider mot fjorddeponi.

18:00: Avreise frå Vevring

19:00: Medlemsmøte for alle venstremedlemer. Ola Elvestuen og Sveinung Rotevatn vert også til stades her. Stad: Førde

20:00: Møteslutt

Alle venstrefolk i fylket er velkomne til å delta på heile programmet. Det er særleg viktig at flest mogleg frå venstrelaga rundt Førdefjorden møter!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**