Yngst på lokalpolitisk nettverk

Else Mundal frå Fjærland (18) var den yngste på Sogn og Fjordane Venstre si samling på Skei i helga. No vil ho ha fleire til å engsjere seg politisk. Ho meiner at ungdom må stille på lister og delta i lokalpolitikken, dersom dei ønskjer innverknad i sin kommune.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**

Sveinung Rotevatn, Else Mundal og Gunhild Berge Stang

Sveinung Rotevatn, Else Mundal og Gunhild Berge Stang

– Ungdom er diverre underrepresentert i norske kommunestyre. Ved sist lokalval var gjennomsnittsalderen på listekandidatane i Noreg heile 49 år. Også i Sogndal er det for få ungdomar som stiller til val, seier Else, som er glad for å kunne delta på lokalpolitisk nettverk og lære frå meir røynde politikarar.

Stortingsrepresentent for Venstre Sveinung Rotevatn (26) var sjølv tidleg til å engasjerere seg i politikk.

– Det er er viktig å engasjere seg tidleg. Både for eigen del, sidan politikk er veldig kjekt. Men sjølvsagt også for samfunnet, sidan det er viktig at alle grupper er representert i demokratiet, seier Rotevatn.

Fylkesleiar i Venstre, Gunhild Berge Stang (39), er veldig glad for å ha Else med i Venstre. – Ho er eit politisk talent som det vert spennande å arbeide saman med vidare. Else kjem dessutan frå ein kommune der eg trur Venstre har mange potensielle veljarar, sidan Sogndal har eit godt miljø for både kunnskapsutvikling og grundarar, seier Berge Stang.

Leiar i Venstre, Trine Skei Grande, deltok også på lokalpolitisk nettverk i helga, etter at ho på fredag var på vitjing i Aurland og Lærdal.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**