Nominasjonsarbeidet — forslag på kandidatar til Fylkestingvalet 2015

Nominasjonsnemnda i Sogn og Fjordane Venstre har starta sitt arbeid og ber no lokallaga, og Sogn og Fjordane Unge Venstre om å kome med forslag på minimum tre namn til Fylkestingvallista for 2015. Nominasjonsnemnda ønskjer tilbakemelding innan 20. mai. Send inn forslaga innan fristen på epost til [email protected]

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**

 Frå venstre: Rune Nygård, Flora, Brynhild Lund Notøy, Hornindal, Arnljot Berge Stang, Askvoll, Atle Hamar, Jølster og Hans Haugen, Sogndal. Marit Sætren frå Vågsøy og Marta Kvikne frå Balestrand var ikkje tilstades.

Frå venstre: Rune Nygård, Flora, Brynhild Lund Notøy, Hornindal, Arnljot Berge Stang, Askvoll, Atle Hamar, Jølster og Hans Haugen, Sogndal. Marit Sætren frå Vågsøy og Marta Kvikne frå Balestrand var ikkje tilstades.
Foto: SFJ Venstre

Vi ønskjer ein open prossess der alle medlemmer og sympatisørar har høve til å melde inn forslag til kandidatar. Lokallaga vert difor oppmoda om å ha open prossess i eigen kommune også. Det er høve til å gjere framlegg om kandidatar som på framleggstidspunktet ikkje er medlemmar i Venstre. Nominasjonsnemnda ber om at kandidatar frå eige lag er spurde om dei ønskjer vere kandidat, og at laga legg ved kontaktinfo og litt personalia for desse. Lokallaga kan på eige initiativ samlast og finne kandidatar saman. Dersom kandidatar ikkje er spurde, ber vi om at dette vert anført.

Komiteen tek sikte på å kome tilbake til lokallaga i byrjinga av juni med ei oversikt over dei innkomne forslaga med aktuelle kandidatar. Lokallaga får då til oppgåve og prioritere kandidatar utifrå denne lista. Lokallaga gjerast merksam på at sidan både medlemmer og ikkje medlemmer kan komme med forslag til kandidatar er alle framlegg like tellande.

Medlemmene i nominasjonsnemnda til Sogn og Fjordane Venstre er :

Atle Hamar, leiar [email protected] tlf. 99284300
Marit Sætren [email protected] tlf. 93484551
Hans I Haugen [email protected] tlf. 97003631
Marta Kvikne [email protected] tlf. 90800314
Arnljot Berge Stang [email protected] tlf. 97618013
Brynhild Lund Notøy [email protected] tlf. 99487538
Rune Nygård, (UV) [email protected] tlf. 40160739

Nominasjonsmøtet i Sogn og Fjordane Venstre er sett til 16. oktober 2014.

Ta gjerne kontakt med leiar eller medlemmer i nominasjonsnemnda dersom du har spørsmål

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**