Eit usosialt symboltiltak

– Regjeringa vil forby menneske i nød å be om hjelp. Det er eit usosialt symboltiltak som rammar dei svakaste i samfunnet, seier Daniel Gangeskar, fylkesstyremedlem og leiar i Sogn og Fjordane Unge Venstre.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**

Daniel Gangeskar

Daniel Gangeskar

Åtte år etter opphevinga av lausgjengarlova har regjeringa kome til einigheit med Senterpartiet om å igjen forby tigging på norske gate. Frå sumaren av vil det opnast for lokale tiggeforbod, og det er fare for forbod over hele landet frå og med neste år. Unge Venstre forsvara retten til å be om hjelp, også for dei som slite.

– Eit forbod vil ikkje løyse problemet for dei som ikkje har eit anna alternativ enn å sette seg på gata og be om hjelp. I verste fall vil det skyve dei ut i enda meir ekstrem fattigdom, eller over i kriminalitet, seier Gangeskar.

Unge Venstre-leiaren stiller seg uforståande til behovet for tiggeforbod.

– Det er uklårt kva som no eigentleg vert forbode. Aggressiv tigging og forstyrring av ro og orden er allereie forbode. Dette forbodet vil ikkje ha stort anna effekt enn å rydde bybilete frå livshistorier forbodstilhengarane finn ubehagelig, avsluttar Gangeskar.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**