André Skjelstad frå stortinget møter fylkesrådmannen

Førstkommande torsdag vil Andre Skjelstad, stortingsrepresentant og medlem i kommunalkomitèen møte fylkesrådmannen for å få ei nærare orientering om kva konsekvensar det nye inntektssystemet har for fylkeskommunen.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**

Andrè Skjelstad

Andrè Skjelstad

Venstre har heile tida i handsaminga av kommuneproposisjonen vore sterkt kritiske til korleis det inntektsystemet slår ut for Sogn og Fjordane. I vedtaket ligg det difor ein merknad frå Venstre om at ein er uroa over konsekvensane for Sogn og Fjordane, og at dette må arbeidast vidare med. Fylkestingsgruppa og fylkestyret til Venstre har teke initiativ til møtet og ynskjer med det å få fortgang i prosessen med å sjå nærare på kva skeivheiter som slår uheldig ut for Sogn og Fjordane og som må rettast på.

I tillegg til Alfred Bjørlo og Klaus Iversen frå venstre si fylkestingsgruppe, vil Gunhild Berge Stang og Halvor Halvorsen frå styret i Sogn og fjordane venstre vere til stades.

Etter møtet med fylkesrådmannen vil Skjelstad også få omvising på DiFi og Fosshaugane Campus.

Kontaktpersonar: Alfred Bjørlo 48082653, Gunhild berge stang 97653785

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**