André Skjelstad på vitjing i Sogn

Stortingsrepresentant André N. Skjelstad besøkte Leikanger og Sogndal 3. juli 2014, med Sogn og Fjordane Venstre som vertskap. Han besøkte DiFi og Fosshaugane Campus, fekk orientering om økonomiutfordringane til Sogn og Fjordane fylkeskommune av Fylkesrådmannen og var med på ope møte for Venstre-laga i Sogn om kommunereform og utflytting av statlege arbeidsplassar

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**

 Klaus Iversen, Gunhild Berge Stang, Alfred Bjørlo, Andre Skjelstad og Fylkesrådmann Tore Eriksen

Klaus Iversen, Gunhild Berge Stang, Alfred Bjørlo, Andre Skjelstad og Fylkesrådmann Tore Eriksen

Besøk på Fylkeshuset på Hermansverk,
Fylkesrådmann Tore Eriksen (t h) ga ein meget god gjennomgang av dei økonomiske utfordringane til Sogn og Fjordane fylkeskommune. André var tydeleg på at dette må gjerast noko med når Stortinget samlast til hausten – uansett kor euforisk Bjørn Lødemel måtte vere over sin til no største politiske siger: Å ha fått redusert dei årlege kutta til Sogn og Fjordane frå eiga regjering frå 237 til 229 millionar kroner.

Andre Skjelstad i Sogn

Besøk på Difi på Leikanger
På Difi fekk stortingsrepresentanten informasjon om det statlege kompetansemiljøet i Leikanger.

Andre Skjelstad i Sogn

Fosshaugane Campus
Venstre-mann og gründer Halvor Gregusson i Rocketfarm viste Skjelstad om på Fosshaugane Campus.

Ope møte med Venstre-laga i Sogn
Dagen vart avslutta med ope møte med Venstre-laga Luster, Sogndal, Lærdal og Leikanger, i tillegg var fylkesleiar Gunhild Berge Stang, Halvor Halvorsen, Vigdis Tonning, Klaus Iversen og Alfred Bjørlo.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**