Meir makt og fleire oppgåver til nye kommuner og regionar!

Kommunereformen som no er vedteken av Stortinget, gjer det mulig å fornye det offentlege Noreg ved at det lokale sjølvstyret blir styrkt og makt flytta ned.

Venstre sitt mål med kommunereformen er å flytte meir makt frå sentrale styresmakter ned til regionalt og lokalt nivå. Ei avgjerd bør takast så nær dei ho vedkjem som råd er. Alle avgjerder som berre har følgjer for eit avgrensa geografisk område bør kunne treffast på dette nivået.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**


Desentralisering av makt gir maktspreiing. Det er ein føresetnad for å mobilisere til deltaking i lokalpolitikken og for at lokalsamfunn kan ta størst mulig ansvar for eiga utvikling.

Dagens kommuner har altfor lite makt og fridom. Kommunekartet frå 1964 er ikkje eigna i 2014 til å ta heilskapleg grep om næringsutvikling, miljøpolitikk, arealdisponering og stadig meir kompliserte og kompetansekrevjande tenester, mellom anna innan helse og omsorg. Mange av oppgåvene blir difor løyst i samarbeid med andre kommuner, ofte organisert i interkommunale selskap (IKS).

Utstrekt bruk av IKS samlar makta hjå få personar. I røyndomen har ein då “outsourca” oppgåvene bort frå dei valde politikarane. Avgjerder blir flytta frå ein open kommunestyresal til eit lukka styrerom. Det er for Venstre eit demokratiproblem som må løysast.

Kommunene må ta meir ansvar for klima, velferd og utdanning

Venstre meiner det er eit godt politisk prinsipp at ein tek grep lokalt framfor å vente på at alt skal skje nasjonalt. Ikkje minst gjeld dette på klima og miljø. Kommunene må ta eit større ansvar for å motverke klimaendring. For mange kommuner er det i dag ei for stor oppgåve, fordi det er krevjande å byggje opp tilstrekkelege fagmiljø. Det vil vere lettare i ei større kommune. For andre kommuner, særleg i storbyregionane, er problemet at kommunegrensene er eit hinder for gode løysingar.

Velferdsoppgåvene er også aukande i mengde og kompleksitet. Mange kommuner må allereie i dag løyse oppgåvene i samarbeid med andre. I mindre kommuner er det krevjande å tiltrekke seg nødvendig kompetanse og bygge opp fagmiljø som kan løyse oppgåvene forsvarleg inn i framtida.

Vidare er det på utdanningsområdet verdt å diskutere om kommunene bør få ansvar for det heilskaplege skuleløpet frå 1 til 12. Igjen vil det krevje ein ny kommunestruktur.

Staten må gi tydelegare føringar

Venstre meiner alle kommuner må vere med i reformprosessen som no er i gong. Vi har formulert dette som eit utgreiingsansvar for kommunene. Einskildkommuner kan ikkje setje seg heilt på sida av prosessen – og gjennom det blokkere for høvet til å flytte ned oppgåver frå stat til nye kommuner.

Samstundes meiner Venstre det er klare veikskapar ved Jan Tore Sanner si litt lauselege “oppmoding til naboflørt” rundt i kommune-Noreg – utan at han vil gje klare svar på kva mulige turtelduer skal kunne drive med i det framtidige ekteskapet. Oppmodinga om å “slå dykk saman først, og så skal vi etterkvart sjå kva de kan drive med”, kan fort vise seg å bli ein blindveg. Staten må tore å vise korta først – og seie kva som kan ligge i potten av makt og oppgåver dersom det blir teikna eit nytt kommunekart.

Kommunereformen er for Venstre like mykje ein “statsreform” – med hovudmål å flytte makt ut frå staten ned til dei nye kommunene. Då må Staten i langt sterkare grad forplikte seg på førehand til å flytte oppgåver, makt og kompetansemiljø ned til dei nye kommunene – dersom det blir teikna eit kommunekart som gjer slik maktoverflytting mulig.

Fylkeskommunen må erstattast med større regionar

For Venstre har det vore avgjerande å slå fast at vi framleis skal ha tre folkevalde nivå. Vi er glade for å ha fått brei tilslutnad til dette i Stortinget.

Dagens fylkeskommuner er ikkje innretta for å løyse dei store regionale utfordringane, og oppgåvene fylka har i dag vil bli færre når kommunene blir større. Kommunereformen gjer det difor naudsynt å erstatte fylkeskommunen med eit nytt folkevald regionnivå.

Venstre meiner regionnivået må sjåast i samanheng med kommunereformen. Når ein ser på kva oppgåver som skal leggast til dei nye kommunene, meiner vi det óg er naturleg å sjå på kva oppgåver som kan flyttast frå staten til eit nytt regionalt nivå. Det har vi fått fleirtal i Stortinget for – det er ein viktig folkestyre-siger for Venstre.

Maktspreiing og desentralisering av oppgåver

Det er trong for å spreie makt og desentralisere fleire oppgåver og avgjerdsmakt. Difor la Venstre i Stortinget i vår fram eit framlegg om utflytting av statlege arbeidsplassar.

Vi er glade for at Venstre har fått gjennomslag i Stortinget for ein heilskapleg strategi for utflytting av statlege arbeidsplassar. Desentralisering av arbeidsplassar er avgjerande om ein skal tilrettelegge for livskraftige lokalsamfunn og handlekraftige regionar over heile landet. Stortinget sitt vedtak på området er forpliktande. Venstre vil sørge for at Regjeringa no må følgje opp.

For Venstre heng kommunereform, regionreform og utflytting av statlege arbeidsplassar saman. Det handlar om å spreie makt, bygge opp kompetansemiljø og tilrettelegge for livskraftige, framtidsretta bu- og arbeidsmarknadsregionar over heile landet. Då må alt dette sjåast i samanheng. Først då kan ein kommunereform bli ein reell folkestyrereform som flyttar makt nedover og gir folk meir makt over eigen kvardag.

Andre Skjelstad, medlem i Kommunalkomiteen på Stortinget (Venstre)

Alfred Bjørlo, sentralstyremedlem i Venstre og ordførar i Eid

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**