Vil du stå på liste for Venstre?

Venstre vil ha deg med på laget til kommunevalget i 2015. – Saman skal vi få til eti løft for skule, miljø, verdiskaping og velferd i heile landet, seier Venstre sin leiar, Trine Skei Grande.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**

Trine Skei Grande

Kvifor vil vi ha deg med på laget?
Vi spør deg om å stå på Venstreliste fordi vi
har tillit til deg, det du gjer og det du står for
vil bygge eit lag av ulike menneske som brenn for ulike saker
lokalpolitikken treng nye og engasjerte menneske
meiner du vil gjere vår liste meir tiltrekkande for veljarane

Kva vil det seie å stå på liste?
Det å stå på liste betyr at
du viser offentleg at du meiner Venstre sine verdiar og saker er viktige for lokalsamfunnet
du har mulegheit til å bli folkevald
du er med på å bidra til at fleire viser engasjement for staden du bur og det som skjer i lokalsamfunnet

Vi treng både deg som ønskjer å bli folkevald og deg som vil vise di støtte gjennom å stå på lista.

Kva er det å være folkevald?
Dei folkevalde er med på å ta besluttingar som påverkar skule, miljø, verdiskaping og velferd i kommunen vi bur i. I Venstre ser vi på det å vere folkevald som ei ombodsrolle. Det betyr at ein
Folkevald
lyttar til personar, organisasjonar og bedrifter
tar opp de utfordringane folk vil løyse
er med på å skape eit lokalsamfunn bygd på tillit mellom politikarar og vejarar

Folkevalde møter i kommunestyret omlag éin gong i månaden. I tillegg kan ein verte vald inn i ulike utval , komitear og styrer som har ulik møtefrekvens. Der er oppgåva å få gjennomslag for Venstre sitt program i samarbeid med dei andre politikarane og skape gode løysningar til det beste for folk og miljø.

Dersom du ønskjer det har Venstre fleire tilbod om skulering: Jamleg tilbyr vi "Venstreskolen" som er ei innføring i Venstre sin politikk, organisasjon og verdiar. Vi har lokalpolitiske nettverk i heile landet der det vert gjeve innføring i Venstre sine hovudsaker, valkamp og det å vere folkevald. I tillegg er Venstre sine møter i lokal- og fylkeslaga opne for alle som ønskjer å være tilstade.

Vår politikk
Venstre sitt utgangspunkt er det enkelte mennesket sin personlege fridomt og det ansvaret vi har for fellesskapet, for miljøet og for kvarandre.

Vi meiner at kommunane må legge til rette for skuler og barnehagar der dyktige vaksne har tid, kompetanse og ressursar til å ta vare på borna våre.
Venstre vil ta Noreg i ei miljøvenleg retning. Våre lokallag arbeider for å ta vare på naturen og å gjere det enklare for innbyggjarane å ta grøne val.
Vi vil legge til rette for eit næringsliv som skapar verdiar i lokalsamfunnet.
Venstre i heile landet er opptatt av fattigdom, psykiatri, rusomsorg, eldreomsorg og barnevern. Dei som treng hjelp skal få det, og vi må drive meir med førebygging slik at fleire vert fanga opp tidleg.

Venstre er ein pådrivar for ein open kommune der innbyggjarane vert lytta til pengane brukast fornuftig og der det er liten avstand mellom innbyggjarane og kommunen.

I alle kommunar der Venstre stiller lister lagar vi eit eige program. Ta kontakt med lokal- eller fylkeslaget ditt om du har idear til kva saker Venstre skal jobbe for i din kommune dei neste årene.

Kontakt oss gjerne på [email protected] eller ta kontakt med lokallagsleiar. Du kan også ringe 455 15 152.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**