Nei til masseovervakning!

Debatten om masseovervakning er tydeligvis ikkje over. Sjølv om EU-domstolen i vår erklærte Høgre og Arbeidarpartiet sitt kjærleiksbarn datalagringsdirektivet for ulovleg og i strid med grunnleggande menneskerettar, syner PST-sjef Benedicte Bjørnland urovekkande iver etter å kike meg og deg over skuldra — utan mistanke.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**

Daniel Gangeskar

Daniel Gangeskar

Følgjene av masseovervakninga er mange. Informasjonen av kva ein gjer på nett vert allereie i dag lagra, og dei aller fleste har mista kontroll på sin eigen digitale kvardag. Det i seg sjølv er eit omfattande trugsmål mot den enkelte sin fridom, men å gjere innsamlinga av enorme mengder data frå alle nordmenn for eit statleg verktøy er eit verkemiddel frie, demokratiske statar normalt ikkje vil assosiere seg med. Når ein har reint mjøl i posen, skal ikkje staten sjekke det i både tide og utide, spesielt ikkje når dei som faktisk er kriminelle kan gøyme seg for staten si overvakning.

Politikarane har ansvar for å lage lovar og system som vernar borgarane. No har det gått so langt at borgarane må verne seg sjølve mot statleg overformynderi. Omsynet til sikkerheit må verte veid opp mot omsynet til den enkelte sin fridom og rett til privatliv.

Unge Venstre set denne hausten personvern i fokus, og krev at regjeringa skal legge arbeidet med ei ny datalagringslov død med det same. Vi ynskjer å grunnlovsfeste retten til eit privatliv og vi krev at selskap ikkje lenger skal ha lov til å overvake deg. Slik ynskjer vi å ta tilbake kontrollen for eigen nettbruk og eige privatliv.

Det er på tide å slå fast dei stadig utvida rammene til PST har gått for langt, og det er på høg til å be overvakningskameratane i Høgre og Arbeidarpartiet om å slå seg til ro med at det er ulovleg å overvake uskuldige borgarar. Personvernet må tilbake på agendaen og, som Bergens Tidende slo so godt fast for nokre veker sidan, ein må seie nei til eit norsk NSA.

Daniel Gangeskar,
Leiar i Sogn og Fjordane Unge Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**