Vil Regjeringa motarbeide utflytting av statlege oppgåver til eit folkevald regionalt nivå?

– Venstre er uroa over signala Høgre sin fylkesleiar i Sogn og Fjordane, Arve Mjømen, gir om at han ikkje trur Regjeringa vil engasjere seg i å følgje opp vedtak i Stortinget om å flytte ut statlege oppgåver til regionane. Venstre vil løfte saka opp til Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner for avklaring.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**

Andrè Skjelstad
Alfred Bjørlo

Det seier Sentralstyremedlem i Venstre, Alfred Bjørlo og Venstre sin
medlem i Kommunalkomiteen på Stortinget, André M. Skjelstad.

Venstre fekk i juni 2014 fleirtal i Stortinget for at det skal vere eit
folkevald regionalt nivå mellom kommune og stat, og at det regionale nivået
skal overta oppgåver staten har i dag. Venstre fekk óg fleirtal på
Stortinget eit framlegg om ein samla plan for utflytting av statlege
arbeidsplassar og kompetansemiljø til regionane.

Venstre krev no eit svar frå Regjeringa på Arve Mjømen sine utsegner til
NRK Sogn og Fjordane 16. september om at Stortinget sitt vedtak om sterke
regionar med tilførsel av nye oppgåver ikkje har vore tema i Høgre, og at
Kommunalminister Jan Tore Sanner i følge Mjømen ikkje er engasjert i saka.
Mjømen seier dette etter å ha vore på ein nasjonal kommunalkonferanse i
Høgre og møtt Jan Tore Sanner.

– Ein Høgre-leiar i Sogn og Fjordane med god politisk nase burde helse
velkomen eit vedtak på Stortinget om utflytting av makt og statlege
kompetansemiljø til regionane. I staden vel Arve Mjømen å setje seg på
bakbeina og varsle at han trur Regjeringa vil gjere minst mulig for å
følgje opp Stortinget sitt vedtak. Venstre er sterkt uroa over Mjømen og
Sogn og Fjordane Høgre si passive haldning i denne viktige folkestyre- og
distriktssaka, seier Alfred Bjørlo.

– Vi forventar at Jan Tore Sanner seier klart frå om at Arve Mjømen tek
feil og at Regjeringa respekterer Stortinget sine vedtak om
desentralisering av makt, seier Venstre-politikarane Andre M. Skjelstad og
Alfred Bjørlo.

Stortingsrepresentant André M. Skjelstad har stilt Kommunal- og
moderniseringsminister Jan Tore Sanner følgjande skriftlege spørsmål:

Er det rett som Høgre sin fylkesleiar i Sogn og Fjordane seier at
Kommunal- og regionalministeren ikkje kjem til å legge engasjement i å
følgje opp Stortinget sitt vedtak om å tilføre nye oppgåver frå staten til
eit regionalt nivå, og at Høgre i Regjering framleis styrer inn mot at det
berre skal vere to forvaltingsnivå?

Sjå spørsmål og grunngjeving i vedlegg – både i originalversjon som pdf og
i word-versjon.

For kontakt:

Alfred Bjørlo, mobiltlf 480 82 652

André M. Skjelstad, tlf 23 23 31 60.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**