Folk først i Framtidsfylket Sogn og Fjordane

Fyrsteutkast til valprogram for SFj Venstre til Fylkestinget 2015-19 er ute på høyring fram til 1. november 2014. Innspel kan sendast til [email protected]. Programkomiteen vil gå gjennom innkomne framlegg og innspel og levere frå oss eit andreutkast til program ca 1. desember 2014. Det vil bli sendt ut til lokallaga i Venstre i Sogn og Fjordane for handsaming. Endeleg programvedtak vil skje på fylkesårsmøtet i Sogn og Fjordane Venstre i februar 2015. Innspel kan sendast til [email protected].

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**

ungdom

Folk først i Framtidsfylket Sogn og Fjordane
Fyrsteutkast til valprogram for SFj Venstre til Fylkestinget 2015-19

Om utforminga av programutkastet

Programkomiteen gjer med dette framlegg om eit valprogram som er annleis i utforming enn eit tradisjonelt fylkestingsprogram. I staden for eigne sektorkapittel (kultur, skule, næring etc) med lange “smørbrødlister” av tiltak, peikar vi i staden ut tre strategiske satsingsområde for å nå eitt overordna mål: Å auke folketalet og få fleire til å velje å bu i Sogn og Fjordane i framtida.

Det er to årsaker til at vi vil bygge opp programmet slik:

•Folketalsutviklinga. Folketalet i Sogn og Fjordane har stått så og seie stille i 50 år, medan resten av Vestlandet veks sterkt. Det vil seie at Sogn og Fjordane blir meir og meir marginale i nasjonal samanheng. Det betyr også ei “forgubbing” av mange kommuner og lokalsamfunn fordi ungdomskulla blir stadig mindre. Dette er inga berekraftig utvikling. Folketalsutviklinga må snuast. Det krev heilt andre grep enn å halde fram med fylkespolitikk som før.
•Fylkesøkonomien. Sogn og Fjordane vil dei neste åra få mindre pengar å rutte med frå staten – først og fremst fordi Sogn og Fjordane over lang tid har sakka akterut i folketal i høve resten av landet. Det betyr at ei tradisjonell “smørbrødliste” av eit valprogram med gode ønskje om meir til det meste ikkje er truverdig ved fylkestingsvalet 2015. Fylkestinget som no blir vald, må gjere knallharde prioriteringar. Vi vil at Venstre skal vere partiet som tør å prioritere. Venstre skal ikkje love alt til alle – men vi skal vere til å stole på når vi fyrst lovar noko.

Innleiing

Venstre vil ved fylkestingsvalet 2015 gjere ei klar prioritering: Ungdom først.

Vi vil gjere politiske vegval i neste valperiode for å nå eit mål om 25.000 fleire innbyggjarar i Sogn og Fjordane i 2050 enn i dag – med 20% større ungdomskull i f. Det krev ei radikalt ny tilnærming til utviklinga i fylket – og tydelege prioriteringar.

Venstre vil i fylkespolitikken stå for ein alternativ politikk til både dagens maktkoalisjon i fylket (Ap/Sp) og til regjeringskoalisjonen nasjonalt, Høgre/Frp. Venstre trur ikkje at verken raudgrøn konservatisme eller blåblå turbokapitalisme er løysinga for å skape vekst i Sogn og Fjordane.

For å nå målet om 25.000 fleire innbyggjarar i 2050, vil Venstre satse systematisk på dei områda der Sogn og Fjordane har spesielle fortrinn – som samtidig “treff” trendar og utviklingstrekk nasjonalt og internasjonalt i åra framover. Det er:

Skule, utdanning og gründerånd. Sogn og Fjordane er av dei beste i landet på skule. Det er eit fortrinn Venstre vil utvikle vidare. Utdanning er nøkkelen til vekst, nyskaping og tilflytting. Koblinga skule/næringsliv må bli sterkare: Vi må utdanne framtidas grunderar.

Fornybar energi. Sogn og Fjordane har dei største fornybar-ressursane i landet. Dei neste 20-30 åra går verda inn i ein energirevolusjon: Vi skal over til fornybarsamfunnet. I oljealderen kom Sogn og Fjordane sist. I fornybaralderen må vi kome fyrst. Det er dei som er fyrst som får verdiskaping og vekst.

Rein mat. Sogn og Fjordane har eit unikt naturgrunnlag for å levere mat til verda av høg kvalitet til høg pris – frå sjø og land. Rein mat av høg kvalitet og berekraftig utnytting av naturen er verdiar Sogn og Fjordane ikkje må setje i spel – f eks gjennom å bruke fjordane våre som dumpingplass for avfall.

Programkomiteen foreslår at Venstre sine satsingsområde i fylkespolitikken i 2015-19 er:

1. Ungdom først: Bli best i Noreg på skule og oppvekst

 Ungdom først

Ungdom først
Foto: AA

•Skule skal vere Venstre sin topprioritet i fylkespolitikken 2015-19. Vi vil skjerme dei vidaregåande skulane frå kutt i kvalitet, og bygge på dagens skulestruktur dei neste fire åra

•Styrke Høgskulen i Sogn og Fjordane og bygge ut nye tilbod for høgare utdanning i SFj – særleg retta inn mot næringslivet.

•Arbeide for gratis kollektivtransport for barn og ungdom

•Enklare inngangsbillett til første jobb og første bustad for ungdom: Satsing på trainee-program og arbeidspraksis. Invitere kommuner og næringsliv til samarbeid om utbygging av billige gjennomgangsbustader. Nytte bustadmasse fylkeskommunen disponerer, m a gjennom bustadstiftingar, som gjennomgangsbustader for ungdom.

•Kulturtilbod med høg kvalitet er avgjerande for å trekke til seg unge. Venstre vil ha framleis sterk satsing på kultur og frivillig sektor i fylket. Tilbod retta mot born/unge skal ha prioritet

2. Grøn vekst: Bli fornybarfylke nr 1 i Noreg

Grønn vekst

Grønn vekst
Foto: Ingjerd Thon Hagaseth

•Halde på og bygge opp eigarskap til energiressursane i Sogn og Fjordane

•Fornybar energi og teknologi først i all næringspolitikk. Legge til rette for utnytting av fornybarressursane til lokal verdiskaping

•Berekraft skal leggast til grunn for næringsutvikling i Sogn og Fjordane.

•Mat med høg kvalitet til høg pris frå sjø og land (landbruk og fiskeri) skal vere eit strategisk satsingsområde for Sogn og Fjordane

•Utarbeide ein samla arealplan for fjordane og dei nære sjøområda på kysten. Nei til fjorddeponi/massedumping i samband med Engebø-utbygginga

3. Eit nytt Sogn og Fjordane: Store bu- og arbeidsmarknadsregionar med vekstkraft

 Eit nytt Sogn og Fjordane

Eit nytt Sogn og Fjordane
Foto: nn

•Regionreform og utflytting av statlege arbeidsplassar: Èin Vestlands-region – og 1.000 nye statlege arbeidsplassar til SFj innan 2020. Statlege arbeisplassar må lokalisert slik at dei saman med vekst i næringslivet skapar heilskaplege bu- og arbeidsmarknadsregionar med mangfald av arbeidsplassar

•Kommunereform: Kommunestruktur som samsvarer med gode bu- og arbeidsmarknadsregionar. Det betyr 5-8 kommuner i Sogn og Fjordane med meir makt og fleire oppgåver enn i dag.

•Fiberfylket: Legge ein plan for høgkapasitets breiband til alle innan 2020. Spleiselag mellom stat, fylke, kommuner og private i ein samla plan.

•Veg: Prioritere vegprosjekt som bygger større bu- og arbeidsmarknadsregionar. Ferjeavløysing – spleiselag

•Ny næringspolitikk: Kraftige kutt i næringsbyråkratiet. Pengane skal rett til grunderen gjennom skattestimuli, etablerartilskot, såkornmidlar og risikokapital.

Avrunding

Dette programutkastet syner Venstre sine hovuprioriteringar i fylkespolitikken og i saker som sterkt vedkjem utviklinga i Sogn og Fjordane. For politikk på nasjonalt nivå syner vi til Venstre sitt Stortingsvalprogram.

Vi vil med dette sende fyrsteutkastet til program på høyring fram til 1. november 2014. Innspel kan sendast til [email protected]. Programkomiteen vil gå gjennom innkomne framlegg og innspel og levere frå oss eit andreutkast til program ca 1. desember 2014. Det vil bli sendt ut til lokallaga i Venstre i Sogn og Fjordane for handsaming. Endeleg programvedtak vil skje på fylkesårsmøtet i Sogn og Fjordane Venstre i februar 2015.

Programkomiteen i Sogn og Fjordane Venstre, 8. september 2014
Alfred Bjørlo (leiar), Halvor Halvorsen, Marianne Øren, Vigdis Tonning og Rune Nygård (UV)

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**