Sogn og Fjordane Venstre med krav til statsbudsjettet

Det er uhaldbart at fylket vårt blir så hardt råka i regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett. Venstre må få på plass eit betre budsjett for Sogn og Fjordane, krev fylkesleiar i Venstre, Gunhild Berge Stang.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**

 - Sogn og Fjordane Venstre har no levert ei liste på saker som vi ventar at Venstre løftar inn og får gjennomslag for, seier Berge Stang.

– Sogn og Fjordane Venstre har no levert ei liste på saker som vi ventar at Venstre løftar inn og får gjennomslag for, seier Berge Stang.
Foto: Fotograf Vidar Helle

-Venstre har ei nøkkelrolle i forhandlingane om statsbudsjettet. Sogn og Fjordane Venstre har no levert ei liste på saker som vi ventar at Venstre løftar inn og får gjennomslag for, seier Berge Stang.

Ho trekk fram fylkeskommunen sin økonomi, rassikringsmidlar, oppstart av E39 Bjørset-Skei og breibandsmidlar som viktige saker ho meiner Venstre må få på plass. I tillegg må Venstre arbeide for å få på plass midlar til Sogn Jord- og hagebruksskule og Nynorsk avissenter, seier ho.
Det er kutta som fylkeskommunen må ta som uroar Berge Stang aller mest.

-Høgre og Frp legg opp til eit kutt i dei årlege budsjetta til Sogn og Fjordane fylkeskommune på over 240 millionar. Det er alvorleg, og Venstre må i budsjettforhandlingane sikre ein kompensasjon som syter for at ikkje tenestetilbodet blir rasert og særleg skuleungdom blir skadelidande.

Berge Stang er klar på at partiet står overfor ein tøff jobb, men føler seg trygg på at budsjettet må få ein betre profil for Sogn og Fjordane dersom Venstre skal gje Regjeringa fleirtal for budsjettet. Ho er skuffa over Høgre og Frp sine representantar i fylket.

– Anten er dette villa politikk, eller så vitnar det om manglande innflytelse. Uansett er det grunn til uro for Sogn og Fjordane ved at vi no har ei Regjering som så til dei grader nedprioriterer vårt fylke. Vi opplever no at både høgrefolk og frp-folk set si lit til at Venstre skal rydde opp i saker som desse partia i fylket ikkje har nådd gjennom med. Det viser kor viktige Venstre er nasjonalt: Regjeringa får ikkje gjennom eit budsjett utan Venstre si godkjenning, seier Berge Stang.

– Sogn og Fjordane Venstre vil i vekene framover ha tett kontakt med vår mann på Stortinget, Sveinung Rotevatn, og våre forhandlarar på Stortinget. Vi har allereie fått klare tilbakemeldingar om at budsjettet må blir betre for Sogn og Fjordane sin del for at Venstre skal stille seg bak det – det syner at Venstre i motsetnad til Høgre og Frp er eit parti som er opptatt av å sikre likeverdig utvikling i Sogn og Fjordane som i resten av landet, seier Gunhild Berge Stang.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**