Venstre med millionsatsing på Sogn og Fjordane

I Venstres alternative statsbudsjett ligg fleire gode nyhende for Sogn og Fjordane. — Får vi gjennomslag for dette i budsjettforhandlingane vil fylket kome langt betre ut, seier stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**

Sveinung Rotevatn

Sveinung Rotevatn
Foto: Fotograf Vidar Helle

Måndag la Venstre fram sitt alternative statsbudsjett. Dette blir utgangspunktet når partiet skal forhandle med H/Frp-regeringa om eit fleirtal som kan få årets statsbudsjett gjennom Stortinget.

– Ein av manglane ved framlegget frå regjeringa er ei svært svak satsing på Sogn og Fjordane. Dette rettar Venstre opp i sitt alternativ, seier stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn.

Blant satsingane til Venstre finn vi 2,2 millionar til nynorsk avissenter i Førde, auka tapskompensasjon til fylkeskommunen, 10 millionar til opprusting av Sogn jord- og hagebruksskule, 750.000 til Norsk fjordhestsenter og 35 millionar til oppstart av E39 Bjørset-Skei og planlegging av Byrkjelo-Sandane.

– Med det nye inntektssystemet for fylkeskommunane kom Sogn og Fjordane svært dårleg ut. I vårt alternativ får fylket tilført ein auka tapskompensasjon over fem år, som gjer at fylket får om lag 125 millionar mindre i kutt enn med regjeringa sitt forslag. Behovet for å kutte vert med andre ord halvert. Det gjer det mogleg å verne om viktige tilbod til innbyggjarane som vidaregåande skule og kultur, seier Rotevatn.

Meir til veg

Får Venstre gjennomslag i forhandlingane med regjeringspartia og KrF, vil også opprustinga av E39 Bjørset-Skei kunne starte allereie neste år.

– Planarbeidet har gått mykje fortare enn ein trudde, og no er ein klare til å stikke spaden i jorda. Då meiner Venstre vi bør prioritere oppstartsløyvinga som skal til for at E39 gjennom fylket vårt vert utbetra snarast råd.

Partiet legg også inn føringar om at planlegginga av opprusting på E39 Byrkjelo-Sandane skal kome i gong neste år, samt at det skal gå 20-minuttsferjer på Lote-Anda i neste anbodsperiode. I tillegg vert den nasjonale satsinga på rassikring styrka med 70 millionar, og breibandsutbyggjinga med 60 millionar.

Meir til miljø, meir til dei fattige

I Venstres alternative budsjett ligg det elles inne eit stort grønt skatteskifte, det vil seie meir skatt på forureining og mindre skatt på arbeid, ei samla miljø- og klimasatsing på om lag 4 milliardar kroner og ei styrking av kampen mot fattigdom med vel 2,5 milliardar kroner. Den totale oljepengebruken ligg også vel 3 milliardar under regjeringa sitt forslag. No går partiet i forhandlingar med KrF og regjeringspartia.

– Eg er optimistisk med tanke på gjennomslag for våre prioriteringar. Noreg treng eit budsjett der vi kjem i gong med det grøne skiftet, der vi blir mindre oljeeavhengige og der vi prioriterer å gje meir til dei som treng det mest. Ambisjonane kan ikkje vere lågare enn det, seier Sveinung Rotevatn.

Ta gjerne kontakt dersom de ønskjer fleire kommentarar. Heile Venstre sitt alternative budsjett finn du her.

Sveinung Rotevatn
Stortingsrepresentant (V)
Tlf: 95146487

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**