Venstre blir ikkje med på flyplasskrig

– Venstre nektar å vere med på ein flyplasskrig der vi kjempar for å legge ned kvarandre sine flyplassar. Det seier fylkesleiar og førstekandidat ved neste års fylkestingsval, Gunhild Berge Stang, som meiner fylket vårt framstår som sin eigen fiende.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**

Gunhild Berge Stang

Foto: Fotograf Vidar Helle

– Vi aksepterer ikkje premissen om at ein eller fleire flyplassar skal leggast ned. Kortbanenettet er grunnleggjande infrastruktur i deler av landet utan jarnbane, og må sjåast i ein heilskap. Flyplassane våre utfyller kvarandre. Det er håplaust å stadig setje dei opp mot kvarandre, seier Berge Stang. Nokre vil kanskje også hevde at Den korte reisetida til flyplassane er eit av dei få fortrinna vi har som næringsfylke, og vi har ikkje råd til å spele dei vekk. Istadanfor å diskutere korleis ein skal tilpasse tilbodet til innbyggjartal er det langt meir interessant korleis vi skal tilpasse innbyggjartalet til tilbodet, seier ho.

Ho meiner det no blir lag topp til ein splitt og hersk-teknikk som alle vil tape på, og har lite tru på at nedlegging av flyplassar skal løyse ut ressursar til anna infrastruktur. – Kor mange kroner ser dei som vil reduserer talet på flyplassar føre seg at dei skal få til veg, spør ho.

Ho har forståing for at Gaularordførar Mathias Råheim og Førde-ordførar Olve Grotle reagerer på partikollegane sine som vil legge ned Bringeland, og er overbevist om at dette vil svekkje støtta til Kystvegen, noko som etter hennar syn er svært uheldig. Ho seier at Venstre i fylket meiner også Anda har livets rett.

– Dersom målet på død og liv skal vere å redusere talet på flyplassar i fylket burde Sogn og Fjordane Høgre fått for den E39-traséen i Nordfjord som ville erstatta ferjesamband og knytt regionen saman. Først då kunne ein sett Anda i samanheng med Hovden, avsluttar Berge Stang

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**