Verdiar for framtida

Oljealderen er på hell. Ingen veit sikkert kva som skal finansiere velferdsstaten vår i framtida, men vi veit at det vil vere noko heilt anna enn dagen stadige meir petroleums-dominerte næringsliv. Difor held Venstre fram gründerar, småbedrifter og verdiskaping i vårt alternative statsbudsjett. Det er ikkje minst viktig i eit distriktsfylke som Sogn og Fjordane.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**

Alfred Bjørlo

I Venstre sitt framlegg til statsbudsjett for 2015 legg vi opp til ei satsing på norsk næringsliv og fastlandsindustri som er 6 milliardar kroner sterkare enn den blåblå regjeringa. Venstre si satsing inkluderer målretta skatteletter for næringslivet på 2 milliardar, oppretting av nye såkornfond for å gi startkapital til dei nye bedriftene vi skal leve av i framtida, næringsretta forsking og betre sosiale rettar for næringsdrivande.

For å skape og sikre arbeidsplassar trengs gode rammevilkår for alle deler av næringslivet, kombinert med målretta innsats for å gjere det lettare å starte opp nye bedrifter. Offentleg velferd er heilt avhengig av eit blømande privat næringsliv, og at initiativrike personar satsar, tek risiko og omset idear til handlingar.

Venstre vil bruke skattesystemet meir aktivt enn i dag til å stimulere til forsking og utvikling, og til å sikre at meir risikovillig kapital vert tilgjengeleg for gründerar og bedrifter i oppstarts- og kapitaltørkefasen. Difor foreslår vi ei ny KapitalFunn-ordning og å innføre eit minstefrådrag for sjølvstendig næringsdrivande på 75.000 kroner.

Noreg treng ein ny næringspolitikk som stimulerer meir til nyskaping og legg tilhøva til rette for gründerar og bedrifter i hele landet. Skal vi snu trenden med “tømming” av næringslivet i fastlands-Noreg, trengs eit meir målretta offentleg virkemiddelapparat, auka tilgang på kapital, skattestimuli, auka løyvingar til breiband og samferdsle, forenkling for næringslivet og ei storstila satsing på forsking og innovasjon.

Og ikkje minst: Det trengs ei reell vilje til å gjere Noreg mindre oljeavhengig. Den viljen mangla både førre og noverande regjering. Den viljen har Venstre. Tida er inne for å legge til rette for eit Noreg med grøn vekst etter oljen.

Alfred Bjørlo
Sentralstyremedlem i Venstre og fylkestingsrepresentant

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**