Vestlandsregion og større kommunar – ikkje “Oslo-modell” i Sogn og Fjordane”

I dag handsamar Fylkesutvalet i Sogn og Fjordane sak om “Regionreforma som del av kommunereforma”. Der foreslår Fylkesrådmannen å utgreie ein modell med ein – 1 – kommuneorganisasjon i Sogn og Fjordane som er lik dagens fylkeskommune, den såkalla “Oslo-modellen”.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**


Venstre kjem i dagens møte i Fylkesutvalet til å gå imot denne modellen, som vil medføre ei omfattande sentralisering av makt og mynde frå både dagens kommunar og naturlege bu- og arbeidsmarknadsregionar i Sogn og Fjordane.

Venstre – ved gruppeleiar Marit Barsnes Krogsæter – vil i staden fremje følgjande alternative framlegg:

1. Fylkesutvalet i Sogn og Fjordane ønskjer ei samla reform av kommunesektoren der:
a. dagens fylkeskommunar blir erstatta av større regionar/landsdelar med betydeleg overføring av oppgåver frå staten, og
b. nye og større kommunar /regionar får overført nye oppgåver og mynde både frå staten og dagens fylkeskommunar.

2. Eit overordna mål med ein slik samla reform av kommunesektoren må vere desentralisering av makt frå dagens sentraliserte statsforvalting. Reforma må kombinerast med omfattande utflytting av statlege arbeidsplassar.

3. Fylkesutvalet ber leiinga i fylkeskommunen ta initiativ til at Vestlandsrådet får utgreidd ei felles regionløysing for landsdelen, jf. Møreforsking sin rapport og Stortinget sine vedtak om mellomnivået i norsk forvaltning av 18. juni 2014.

4. Fylkesutvalet ber om at kommunereforma vert sett i samanheng med ein mulig "landsdelsmodell" for regionnivået, — slik at vi får utgreidd ein kommunestruktur i Sogn og Fjordane som gjer det mulig å flytte makt og oppgåver frå staten ned til dei nye kommunane og/eller regionnivået. Døme på oppgåver som kan flyttast ned til dei nye kommunane, dersom dei får ein storleik på minst 15-20.000 innbyggjarar , er fleire av nærings-, miljø-, kultur- og planoppgåvene som i dag ligg på fylkesnivået.

5. Fylkesutvalet ynskjer ikkje å gå vidare med å utgreie ein "Oslo-modell" med 1 — ein — folkevald kommuneorganisasjon i Sogn og Fjordane. Ein slik modell vil medføre omfattande sentralisering av makt og oppgåver frå dagens kommunar opp til dagens fylkeskommunenivå, i staden for desentralisering av makt og oppgåver frå dagens sentraliserte stat til nye regionar og frå dagens fylke/regionale statsforvalting til nye kommunar.


Kontaktpersonar:
Marit Barsnes Krogsæter, Venstres medlem i Fylkesutvalet, mobiltlf + 47 909 98 121
Alfred Bjørlo, fylkestingsmedlem for Venstre, mobiltlf +47 480 82 652

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**