– Klart for 20 minuttsavgangar på E39 Lote-Anda

Det skal bli 20-minuttsavgangar på ferjesambandet E39 Anda-Lote i Nordfjord seinast ved starten av neste anbodsperiode på sambandet — 1. januar 2017. Det slår Venstre, Krf, Høgre og Frp fast i ein felles fleirtalsmerknad i Stortinget si handsaming av statsbudsjettet for 2015.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**


– 20-minuttsavgangar Anda-Lote har vore ei prioritert sak for Venstre i haustens budsjettforhandlingar — vi er særs glade for at alle dei borgarlege partia no står saman om å få dette til. Betre ferjefrekvens over Nordfjord betyr raskare transport for folk og næringsliv i Sogn og Fjordane, og er eit stort steg framover for utvikling av Nordfjord som felles bu- og arbeidsmarknadsregion. Det seier Venstres Stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn og Venstre-ordførar i Eid, Alfred Bjørlo.

Alfred Bjørlo og Sveinung Rotevatn

Foto: Sogn og Fjordane Venstre

Kravet om 20-minuttsavgangar E39 Anda-Lote har vore ei felles kampsak i mange år for det politiske miljøet og næringslivet i Sogn og Fjordane og Nordfjord — uavhengig av syn på framtidig E39-trasé lenger fram i tid.

Dagens ferjekontrakt med 30-minuttsruter varer til 1.1.2017, med opsjon til Statens Vegvesen om eitt års forlenging av kontrakten. Det blir no slått fast at opsjonen ikkje skal nyttast: 20-minuttsruter skal på plass så snart det er kontraktsmessig mulig: 1.1.17.

Ragnar Eimhjellen

Foto: Sogn og Fjordane Venstre

– Med 20-minuttsavgangar kan ein no i praksis kaste rutetabellen. Frå 2017 går det alltid ei ferje "rett rundt neste sving", og kapasiteten er auka. Det gjer livet lettare for pendlarar og næringsliv — og for all anna samhandling over fjorden i arbeid og fritid, seier Venstre-ordførar i Eid Alfred Bjørlo.

– No knyter vi for alvor saman Nordfjord som éin velfungerande bu- og arbeidsmarknadsregion. Dette gjer også Anda lufthamn endå meir attraktiv for flyreisande frå nordsida av Nordfjord, seier leiar i Gloppen Venstre og Venstre sin ordførar-kandidat i Gloppen, Ragnar Eimhjellen

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**