Marit Krogsæter i generell politisk debatt i Fylkestinget

9. desember 2014: Fylkesordførar, politisk sett har dette vore ein litt merkeleg haust. Tidlegare i år har vi når statsbudsjettet har vorte lagt fram sett på kva som er positivt og kva som er negativt for Sogn og Fjordane, og vi har har greidd å samle oss om ein del merknader til statsbudsjettet som vi uansett politiske briller har kunna stå bak.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**

Marit Barsnes Krogsæter

Marit Barsnes Krogsæter

I år har vi hatt ei blåblå side som har vore overbegeistra over alt som blei lagt fram sentralt, og ei raudgrøn side som har svartmalt det meste og vore ute på sosiale media med det eine skrekkbodskapet etter det andre om kva tenester og tilbod vi må kutte for inbyggjarane våre.

Det er klart at vi alle synest det er tøft og vanskeleg å kutte 10% av budsjettet vårt fram mot 2018.

Etter forhandlingar så har vi i beste fall redusert det ned mot 4-5% alt etter om vi får vidareført dei 60 mill i alle åra i ein opptrappingsplan. Dei fleste av oss er enige om at dei rammene vi har fått sentralt frå er vanskelege, men det er vi som sit her som skal forvalte desse rammene. Det er ikkje dei som styrer sentralt som er ansvarleg for dei handlingar vi gjer her. Snudd på hovudet så skal vi forvalte 90-95% av dei midlane vi har hatt før til beste for folk i Sogn og Fjordane.

Vi kan ikkje skulde på andre for dårlege prioriteringar vi gjer. Det er viktig no at vi tenkjer klart, at vi ventar på dei utgreiingane vi har bestilt før vi tek irreversible val.

Eg er sterkt uroa over kva val dei raudgrøne som sit i førarsetet og har all makt her i fylket gjer for å vise kor udugelege dei som sit i Regjering er. Eg håpar ikke at viktige tenester og tilbod i fylket blir rasert fram mot valet med grunngjeving om at det er dei blåblå som har bestemt det. Det er vi som sjølve bestemmer — eller i Sogn og Fjordane rettare sagt dei raudgrøne som bestemmer. Vi har fått lågare rammer, men det er vårt ansvar korleis vi fordeler midlane som ikkje er øyremerka.

Fylkesordføraren var i sin tale glad for at den kulturelle spaserstokken var inne att i statsbudsjettet. Eg skulle ønskje vi fekk fekk inn att bokbåten i vårt eige fylkesbudsjett, slik Venstre i morgon vil gjere framlegg om. Bokbåten betyr utruleg mykje i mange bygder i fylket — både ute på kysten og inne i fjordane. Som fylkesordføraren sa i talen: Det kostar så lite, men gleder så mange og betyr så mykje.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**