Bjørlo med innlegg om Førdefjorden

Innlegg i Fylkestinget sin generelle politiske debatt på desembertinget 2014:
– Fylkesordførar. Eg vil takke for at du i ei positiv og god tale la så stor vekt på miljø og klima — og betydninga av å tenkje miljø gjennomgåande i alt vi gjer. Det er rett og nødvendig.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**

Alfred Bjørlo

Alfred Bjørlo

Inspirert av det, vel eg i dag å legge alt som har med statsbudsjett og fylkesøkonomi til side — og gå rett på det temaet Fylkesordføraren tok opp: Miljø og natur.

Onsdag 19. november vart Sogn og Fjordane toppsak i verdas tredje mest leste avis på nett, The Guardian. Det er vanlegvis godt nytt for eit fylke som likar å bli sett og omtalt, men ikkje denne gongen.

Saka handla om korleis Noreg — med ry som verdas reinaste og grønaste land — no på ramme alvor planlegg å la eit gruveselskap dumpe fleire hundre millioner tonn gruveavfall i sjøen. I ein nasjonal laksefjord, og trass i åtvaringar frå fagstyresmaktene på fiskeri og miljø.

Storbritannias leiande marinbiolog, Callum Roberts, karakteriserer planane slik: "This [plan] is mad. It’s like returning to the 18th century. (..) This is pollution on a grand scale."

Artikkelen i The Guardian har vekt oppsikt verda rundt. Han har på to veker blitt delt over 5.000 gonger på sosiale media.

Til og med indiske miljøstyresmakter omtaler no Førdefjorden-saka på sine nettsider. For India har sjølvsagt allereie innført eit forbod mot å dumpe gruveavfall i sjø — som alle verdas land har gjort unnateke fire: Noreg, Tyrkia, Indonesia og Papua NyGuinea. Tyrkia stengjer sitt siste deponi om nokre år. Indonesia har innført forbod mot nye avfallsplassar til sjøs. Papua Ny Guinea diskuterer det same.

Noreg er rett og slett åleine i verda om å ville opne for meir sjødeponering av gruveavfall.

Fylkesordførar, eg tillet meg å kome med ein spådom: Artikkelen i The Guardian og dei 5.000 delingane er berre starten.

Dersom det på ramme alvor verkeleg skulle skje — at eit gruveselskap får lov å dumpe i Førdefjorden 15.000 tonn avfallslam med 6,5 tonn tungmetall og 10 tonn kjemikalie kvar dag i 50 år — då kjem heile verdas auge til å bli retta mot Sogn og Fjordane.

Det bør vere ein vekkar for mange når NHO Reiseliv no går på barrikadane mot fjorddumping på vegne av ei samla reiselivsnæring. Direktør Hilde Charlotte Solheim seier at ho er "..uroa over konsekvensane for reiselivet og "Merkevaren Noreg".

Det bør vere ein vekkar når grand old man i norsk fiskerinæring, styreleiar i FHL og Høgre-mann Gunnar Domstein, seier at "Regjeringen kan ikkje godkjenne dumping av seks millionar tonn gruveavfall i året i Førdefjorden. — No veit vi nok til å seie nei".

Fiskeri- og havbruksnæringa — inkludert verdas største oppdrettskonsern Marine Harvest – er djupt uroa for omdømmet til norsk fiskeri- og havbruksnæring. Kva vil det ha å seie for prisen på norsk laks dersom Noreg får internasjonalt rykte som det siste landet i verda som tillet å dumpe tungmetall og kjemikalie i sjøen?

Fylkesordførar, stadig meir tyder på at Førdefjorden vil bli vår generasjons Alta-sak, med to viktige skilnader: For det første: Ho vil ikkje berre vere nasjonal, ho vil vere internasjonal. 2. Store deler av næringslivet vi skal leve av i framtida står denne gongen på naturen, nasjonale fagstyresmakter og det internasjonale engasjementet si side.

Heldigvis: Det er ikkje for seint. Galskapen kan enno stoppast. Truleg sit Ap og Sp med nøkkelen.

Eg synst det var ein god start på dagen å høyre utvalsleiar i Plan og Næring og fylkesleiar i Ap Hilmar Høl uttale seg såpass nyansert om Førdefjorden-saka som han gjorde til NRK Sogn og Fjordane.

Fylkesordførar, frå Venstre si side tek eg dette som eit godt teikn. Ei endring er på gang. Eg har lyst å utfordre Ap ved Hilmar Høl og Senterpartiet ved Innovasjon Noreg-styreleiar og fylkesvaraordførar Jenny Følling på tre spørsmål om Førdefjorden og fjorddeponi:

1. Gjer det inntrykk på Ap og Sp at reiselivsnæringa og fiskeri- og havbruksnæringa nasjonalt no åtvarer på det sterkaste mot fjorddeponi i Førdefjorden, og seier at Noregs internasjonale omdøme innanfor reiseliv og sjømat står på spel?

2. Dersom det ligg føre faglege råd om å seie nei til fjorddeponi frå nasjonale fagstyresmakter på miljø og fiskeri, bør ein då politisk overprøve det rådet, og seie ja til dumping av gruveslam i Førdefjorden?

3: Deler Ap og Sp synspunktet Høgre sin fylkesleiar Arve Mjømen gir uttrykk for i Firda 5. november: At om det skulle oppstå konflikt mellom dumping av gruveavfall og fiskeri- og havbruksnæringa i Førdefjorden — så bør ein prioritere Nordic Mining si deponiverksemd framfor vår framtidsnæring fiskeri- og sjømat. Er Ap og Sp i fylket samde med Høgre i denne prioriteringa?

Og så kan eg ikkje la vere å la meg forbløffe over at Senterpartiet, med sitt grenselause engasjement for jordvern, ikkje utviser ei tilsvarande interesse for fjordvern. Korleis kan de, som er opptekne av å ta vare på kvar einaste vesle jordflekk på land, gå med på at matfatet i sjøen kan ofrast i stor skala?

Fylkesordførar, noko held på å skje i Førdefjord-saka. Men det hastar. No må fleire enn Venstre, SV, reiselivet, fiskeri- og sjømatnæringa, miljørørsla, fagstyresmaktene og den internasjonale opinionen vakne opp . Sogn og Fjordane skal vere framtidsfylket, ikkje verdas siste skanse for fortidas måte å drive billig gruvedrift.

Vi er inne i ein miljørevolusjon — det grøne næringslivet er framtida. Det er på den banehalvdelen Sogn og Fjordane må vere. Venstre er der allereie. Eg oppmodar sterkt det øvrige politiske miljøet i fylket om å kome etter.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**