Bokbåten

Gruppeleiar i fylkestinget Marit Barsnes Krogsæter hadde innlegg i saka om Bokbåten, og nytt framlegg. Venstre sto diverre aleine – saman med ein representant frå Frp – om å ville halde oppe Bokbåten.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**

 Bokbåten - ein del av det desentraliserte kultur- og bibliotektilbodet

Bokbåten – ein del av det desentraliserte kultur- og bibliotektilbodet

Innlegget frå Marit Barsnes Krogsæter:

I finansutvalet kom det fram ein merknad om at dersom vi fekk ekstra midlar frå sentralt hald i statsbudsjettet, så skulle kultur få monaleg meir midlar. Takka vere Venstre og Krf sitt gjennomslag i budsjettforhandlingane med regjeringspartia, har vi no fått det. Venstre meiner at 1,3 mill kr til å oppretthalde Bokbåten må vere ein del av den monalege auken.

Kulturministeren har uttalt at biblioteka er dei viktigaste kulturhusa vi har i Noreg. Stortinget sitt vedtekne budsjett har ei auke i utviklingsmidlar til biblioteka. Korleis følgjer vi som fylkeskommune opp den satsinga?

Fylkesbiblioteket i Sogn og Fjordane har fått 800.000 kroner til to prosjekt. Det eine prosjektet skal fokusere på litteraturformidling til born og unge. Det andre er eit samarbeidsprosjekt mellom teateret og biblioteka. Er det ikkje desse tinga Bokbåten har hatt som sine kjerneoppgåver? Kan ikkje bokbåten vere ein ressurs her?

I desember 2010 bestilte Fylkestinget ei evaluering av Bokbåten. Eit samla Fylkesting løyvde pengar til bokbåten og var positiv til at han skulle vidareførast dersom rapporten var positiv. I 2013 kom rapporten. Den konkluderte med at Bokbåten sine tenester bør vidareførast og vidareutviklast. Bokbåten er ein del av det desentraliserte kultur- og bibliotektilbodet som er heilt nødvendig i eit fylke som vårt.

Trass i denne klare positive tilrådinga fekk rapporten ei heller lunken mottaking og vi fekk eit heller ullent politisk vedtak. Det blir hevda at besøkstal og utlån frå Bokbåten er synkande og at vi ikkje har bruk for han lenger. Det er ikkje rett. Besøks- og utlånstala er ganske stabile, faktisk litt aukande siste åra.

I 2012 var båten på to 17-dagars turnear. Det var godt over 1000 born som besøkte båten, og bokbåten lånte ut over 8.500 barnebøker — i tillegg til svært mange vaksenbøker. Berre 13 av kommunane i Sogn og Fjordane hadde høgare utlån av bøker i løpet av heile året enn Bokbåten hadde i løpet av 2 gongar 17 dagar.

Bokbåten har i tillegg til desse registrerte utlåna også tilbod til bygdene dei besøker om eit "bokdeponi" som blir lånt ut utan å bli registrert. Dersom vi tenkjer oss at kvar bok sirkulerer 2-4 gongar mellom kvar gong båten er i ei bygd, så er det berre Fylkesbiblioteket i Førde som er på høgde med bokbåten når det gjeld utlånstal.

Med andre ord: Det store fleirtalet i Fylkestinget vil legge ned det nest mest brukte biblioteket i Sogn og Fjordane for å spare ca 1 million kroner i året. I tillegg til bokutlåna kjem dei andre kulturtilboda.

Dei som taper mest på at vi legg ned Bokbåten er dei yngste og dei eldste, som er lite mobile og bur langs kysten og fjordalangs, der det er langt og vanskeleg å kome til næraste kulturhus. Det betyr uendeleg mykje for desse å halde oppe dette kulturtilbodet. Bokbåten bringer leselyst og leseglede ut til svært mange born i Sogn og Fjordane. Kanskje er han eitt av bidraga til at born i Sogn og Fjordane gjer det så godt på skulen.

Bokbåten er eit Vestlandssamarbeid, og nettopp det vart det lagt stor vekt på når Bokbåten i 2013 vart nominert som Årets bibliotek. I grunngjevinga var det framheva potensialet Bokbåten hadde som merkevare for Vestlandet.

Dersom vi ser tilbake på vedtaka i Fylkestinget dei siste 10-15 åra, så er det ikkje fyrste gong Bokbåten har vore foreslått lagt ned. Ja, det har faktisk skjedd fleire gonger utan at vi hadde ei blåblå regjering og innsparingskrava vi no diskuterer.

Fylkesvaraordførar Jenny Følling (Sp) sa i generell politisk debatt i går at det var ubegripeleg at nokon nasjonalt ville ta bort midlane til den kulturelle spaserstokken. For Venstre er det enno meir ubegripeleg at Senterpartiet i Sogn og Fjordane vil ta bort det mest desentraliserte kulturtilbodet vi har i fylket — og som attpå til blir nytta hovudsakleg av born og eldre.

Det vart sagt i Fylkesutvalet at dette er ei prøve på kor flinke vi er til å gjennomføre kutt. Eg synst det er eit svært dårleg døme. Å starte med å kutte hos dei som har minst frå før og treng det mest, er langt frå Venstre sin tankegang. Venstre legg til grunn at vi skal vente til juni-tinget med å vedta ting som ikkje er reverserbart. Det gjeld tydelegvis ikkje her. Det er for seint å vidareutvikle det flotte kulturtilbodet Bokbåten er etter at han er lagt ned.

Venstre fremjar difor følgande framlegg:
1. Sogn og Fjordane held fram samarbeidet om bokbåten med Hordaland og Møre og Romsdal.
2. Finansieringa av Bokbåten i 2015 skjer gjennom at det blir sett av 1,3 millionar kroner frå den auka tapskompensasjonen. Vidare finansiering vert å kome attende til i økonomiplan 2016-18.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**