Fakkel for fjorden

Torsdag 5. februar blir Venstre med i fakkeltog for reine fjordar.
Noreg er snart det siste landet i verda som tillet sjødeponi. Det i seg sjølv er oppsiktsvekkjande. Utanlandske media og den internasjonale miljørørsla har no blikket sitt mot Noreg og denne saka. Vi skal vise dei flammande motstand mot å bruke fjordane våre som avfallsplass. Vi vil gjerne ha deg med!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**

 Arkivbilete frå tidlegare markering

Arkivbilete frå tidlegare markering

Dette er ikkje eit fakkeltog mot gruvenæringa, men eit fakkeltog for reine fjordar og berekraftig gruvenæring. Dette er eit fakkeltog for reine fjordar. For norsk kystkultur. Og for eit grønt og framtidsretta fjordfylke.

Vi går i fakkeltog fordi kunnskapsbasert miljøforvaltning betyr å ta konsekvensane av at faginstansane frårår sjødeponi.

Vi går i fakkeltog fordi vi skal leve av fiskeriressursar i all framtid, og ikkje vil setje det på spel for ikkje-fornybare gruveressursar.

Vi går i fakkeltog fordi det kviler eit stor ansvar på oss som sjømatnasjon.

Miljørørsla, havbruksnæringane, villaksforvaltarane, reiselivsnæringa og fiskerinæringa står saman. Fjorden er ingen avfallsplass.

Fakkeltoget går torsdag 5 februar kl 18 i Førde

Vi håpar vi ser deg der,

Trine Skei Grande, partileiar i Venstre

Gunhild Berge Stang, fylkesleiar Sogn og Fjordane Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**