Velkommen til årsmøte på Gloppen Hotell

Laurdag 7. og søndag 8. februar vert fylkesårsmøtet halde på Gloppen Hotell. Ei sentral sak er handsaming og vedtak av fylkesvalprogrammet. Sakspapir er sendt ut til lokallaga og dei påmelde utsendingane.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**

Årsmøte

Program til fylkesårsmøtet på Gloppen Hotell på Sandane 7.-8. februar 2015

Laurdag 07.02.2015

11.00 Registrering og kaffi / rundstykke
NB! Innlevering av fullmaktsskjema og siste frist for innlevering av fråsegner

12.00 Opning v/fylkesleiar Gunhild Berge Stang
Ordførar Anders Ryssdal helsar fylkesårsmøtet

12.20 Sak 1: Namneopprop og konstituering v/fylkesleiar
Godkjenning av innkalling og sakliste
Val av møteleiarar
Val av redaksjonsnemnd
Val av referentar
Val av teljekorps
Val av to til å skriva under møteprotokollen
Val av fullmaktsnemnd

12:45 Sak 2: Fylkesleiar Gunhild Berge Stang og
Leiar i Sogn og Fjordane Unge Venstre Daniel Gangeskar

13:00 Sak 2: Tale v/Stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn
Grøn vekst v/Alfred Bjørlo
Generell politisk debatt

14:30 Lunsj

15:30 Sak 3: Fråsegner

16:00 Sak 4: Fylkestingsvalprogram for Sogn og Fjordane Venstre 2015-2019
Innleiing og debatt
Siste frist for innspel til fylkestingvalprogrammet: Torsdag 5. januar kl. 15.00.

17:00 Pause

17:15 Sak 5: Årsmeldingar
Årsmelding Sogn og Fjordane Venstre 2014
Årsmelding fylkestinggruppa (orientering)
Årsmelding Sogn og Fjordane Unge Venstre (orientering)

17.45 Sak 6: Rekneskap 2014

18.00 Sak 7: Handlingsplan for Sogn og Fjordane Venstre 2015

18.15 Sak 8: Valkampplan 2015 v/Sveinung Rotevatn
Listestilling v/Vigdis Tonning

18.45 Dag 1 slutt
20.00 Årsmøtemiddag og sosialt samvere. Vertskap Gloppen Venstre

Søndag 08.02.2015

09.00 Sak 3: Fråsegner
Vedtak

10.30 Sak 9 Medlemspengar 2016

Sak 10: Budsjett 2015-2016-2017

11.00 Utsjekk
11:30 Sak 4: Fylkestingvalprogram for Sogn og Fjordane Venstre
Vedtak

12.30 Lunsj

13.15 Sak 11: Retningslinjer for styret og fylkestingsrepresentantane i høve fylkestingsvalet. Konstituering av fylkestinget

13:45 Sak 12: Val
1. nestleiar, styremedlemmer, revisorane, varamedlemmer

Val av delegatar til Landsmøte 2015 som vert 10.-12. april i Tromsø.

Val av valnemnd for fylkesårsmøtet 2016

Årsmøtet slutt

14:00 Lokallagsleiaropplæring

På landsstyremøtet i oktober vedtok landsstyret at flest mogleg skulle legge opp til skulering av lokallagsleiarar i samband med fylkesårsmøta. Dette fordi det ofte er fleire lokallagsleiarar o.l. på fylkesårsmøta enn på LPN. Dette er en org/adm.skulering: Medlemsregister, dei nye nettsidene til Venstre, statsstøtte, rapportering, planlegging m.m. Dersom dei som er nettansvarleg i lokallaget har høve til å delta er det berre bra. Ta med bærbar PC/iPad.

16:00 Slutt

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**