Nei til lokale tiggeforbod

Det har nyleg blitt kjend at det ikkje vil bli innført eit nasjonalt forbod mot tigging, etter at Senterpartiet trakk si støtte til framlegget justisdepartementet sende på høyring. Den raudgrøne regjeringa innførte derimot ein lovheimel som gjorde det mogleg for kommunar å vedta lokale forbod mot tigging i politivedtektene. Den noverande regjeringa har utvida denne moglegheita, med støtte frå Senterpartiet.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**


Sogn og Fjordane Venstre vil oppfordre Senterpartiet til å revurdere si haldning også i dette spørsmålet, og stø Venstre sitt framlegg om å oppheve adgangen til å innføre lokale tiggeforbod på Stortinget.

Eit forbod mot tigging — det vere seg nasjonalt eller kommunalt — vil ikkje løyse fattigdomsutfordringa, verken i Noreg eller i Europa. Sosiale problem må løysast med sosiale verktøy og sosiale tiltak, ikke gjennom forbod og straff. På lang sikt må vi arbeide internasjonalt for å løyse utfordringar med tigging og fattigdom. På kort sikt må vi sikre eit minimum av menneskeverd og humanitet gjennom praktiske tiltak.

Sogn og Fjordane Venstre meiner:
– Oppheve adgangen til å forby tigging i kommunar gjennom politivedtektene
– Ha gode, sosiale ordningar og praktiske tiltak for å sikre eit minimum av menneskeverd og humanitet for mennesker som tiggar
– Arbeide internasjonalt for å løyse utfordringar med tigging og fattigdom

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**