Vil styrke Vik Fengsel

Sogn og Fjordane Venstre krev nye soningsplassar til Vik Fengsel.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**


I Vik i Sogn ligg det einaste fengselet i Sogn og Fjordane. Vik Fengsel har eit sterkt fagmiljø og kompetanse på fengselsdrift. Venstre sytte for ei modernisering og utbygging av Vik Fengsel sist vi var i regjering. No ligg det føre konkrete planar for ei rask utbygging av Vik Fengsel. I tider med soningskøar, og soning i utlandet for å redusere køane, ber Sogn og Fjordane Venstre om at ein utvidar Vik Fengsel med minimum 30 soningsplassar.

Dette er ei utflytting av statlege arbeidsplassar frå byane til kompetente fagmiljø i distrikta, og bør vere eit krav frå Venstre i samband med kommune- og regionreforma. Ei styrking av Vik Fengsel vil vere god justis- og distriktspolitikk.

Sogn og Fjordane Venstre vil:
– Styrke Vik Fengsel med minimum 30 soningsplassar.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**