Balestrand 125 år

skrive av Råmund Nyhammer, leiar

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**


Berre 6 – 7 veker etter at Venstre vart skipa, samla det seg den 13. mars i 1884 ein del innbyggarar her i kommunen som stifta Balestrand Venstre eller “Balestrand venstreforening” som laget vart kalla den gongen. Venstre er det eldste partiet i landet, og at ein var såpass raskt ute med å stifte lokalparti gjer til at Balestrand Venstre sansynlegvis er det eldste politiske partiet i fylket.

Venstre si historie er heilt frå starten prega av mykje indre strid og usemje og utbrytargrupper har komme og forsvunne igjen. Men “kjerne-Venstre” har alltid overlevd. Mange av oss hugsar sikkert den siste store splittinga då partiet på 70-talet sprakk i EF-spørsmålet, og ja-fløyen danna Det Nye Folkepartiet. (Seinare kalla Det Liberale Folkepartiet.) Strid og splitting prega også lokalpartiet dei første tiåra. Ja, det gjekk så gale at ein den 20. juli i 1924 vedtok å legge ned Venstre i Balestrand, men berre 3 veker seinare vart laget skipa på nytt. Utanom indre strid, førde lokalpartiet også ein hard kamp mot Høgre den første tida.

Respekten for einskildmenneske og ansvaret for fellesskapen er sjølve grunntanken til Venstre. Ser ein på “Love for Balestrand venstreforening”, vedtekne på skipingsmøte i 1884, ser ein at dette synet var viktig også den gongen. “Balestrand venstreforening har sat sig som mål på forfatningens grund at støtte den frisindede politik og at fremme politisk og anden oplysning”, står det i §1. Så har eg lyst å sitere noko frå § 4 som eg personleg vert svært fasinert av. Her er det reglar om korleis styret skal samansettast. “……. en bestyrelse på 7 medlemmer, 3 i Tjugum, 2 i Fjærland og 2 på Vangsnes,…….” Eit slik geografisk omsyn tek ikkje Balestrand Venstre i dag når det gjeld val av styret, men ein av grunnpilarane i vårt politiske arbeid er ei rettferdig fordeling mellom dei ulike delane av kommunen. Det er kjekt å å sjå at viktige verdiar held seg over tid.

Så til alle medlemmer og spesielt dei som har stått ekstra på for lokalpartiet vårt: Tusen takk for innsatsen, og gratulerer med dei 125 åra.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**