Ken Heine Bakke

17.08.2011 6. kandidat til kommunestyrevalet


Foto: Ken Heine Bakke
Fødselsår: 1973
Stilling/yrke: Leiar ved servicekontoret i Balestrand kommune
Hobby/interesser: Friluftsliv, Røde kors, data og mykje anna.

Ken Heine Bakke bur på Nessane og har sambuar, to jenter og ein liten hund. Han
starta som leiar ved servicekontoret i kommunen august 2010 og stortivst i jobben som inneheld eit breitt spekter av oppgåver og eit flott arbeidsmiljø. Ken Heine har frå før arbeida ved Nesseplast som mekanikar og brannvernleiar, ved KMI som mekanikar og maskinbyggjar, Hydro Aluminium – Stumek som sveisar, Balestrand kommune som assistent innan bustader med psykisk utviklingshemma og som dreng på gard.

Natur og miljø er sjølvsagt viktig for friluftsmennesket, Ken Heine, og å verne om desse verdiane også lokalt må stå høgt i politisk arbeid. Folketalsutviklinga i kommunen er eit anna tema som engasjerer. For å få folk til Balestrand er det avgjerande å ha arbeid, hus og tomter som er attraktive, skule og barnehage der folk vil busetje seg og aktivitetar på fritida. Og viktig: Ein må ynskje alle velkomne uavhengig av kva opphav dei har.

Ken Heine er ny i politikken og prøver å sjå det positive hjå alle parti og å fokusere på det. Samarbeid på tvers av partia og å vere løysingsorientert er noko han syns er viktig. Vert lett engasjert og vil gjerne vere med å bidra til eit betre lokalsamfunn der kvar person sjølv får bestemme over sitt eige liv.

På fritida er det mykje friluftsliv – til alle årstider. Gledar seg kvar gong det er skifte i ei årstid. Ken Heine meiner at alle årstidene har noko spesielt ved seg som kan nyttast. Dette har gjort han ekstra oppteken av at naturen må bli skåna for negative inngrep. Elles er Ken Heine interessert i lesestoff om nye teknologiar og syns det er mykje spennande å sjå fram til i åra som kjem spesielt med tanke på miljøvenlege produkt innan all teknologi.


Bli medlem Gi ditt bidrag Diskuter på liberal.no
Trine SG på Facebook


Regionale nyhende
17.05.2012 • Sogn og Fjordane
Vil forplikte kommunar med vidaregåande skular
23.04.2012 • Sogn og Fjordane
Eit ope Venstre
22.04.2012 • Sogn og Fjordane
Venstre på trygg grunn
20.04.2012 • Sogn og Fjordane
Venstre er miljøalternativet
Venstres Hovedorganisasjon | Møllergt. 16 | 0179 Oslo | Telefon 22 40 43 50 | Telefaks 22 40 43 51 | venstre@venstre.no
Redaktør: Nettredaksjon | Personvernpolicy | Organisasjonsnummer: 971 278 390 | Kontonummer: 7874.05.60092