Årsmelding 2013

Dette er årsmeldinga lagt fram på årsmøtet i januar

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**


Styret 2013
Leiar: Råmund nyhammer
Nestleiar og skrivar: Kari Tordis Aarskog
Kasserar: Jon Asbjørn Målsnes
Styremedlem: Ken Heine Bakke

Vara til styret: (rangert)
Jarle Geithus, Erna Gjerde, Britt Grimelid og Ragnar Aaland

Revisor: Lars Sjøthun og Arild Hellenes

Medlemstal: I følgje det sentrale medlemsregisteret var det 25 betalande medlemmer i 2013

Møte
Medlemsmøte: Det har vore 8 medlemsmøte med eit gjennomsnittleg frammøte på 5. Det må ein vere nøgd med

Styremøte: Det har ikkje vore styremøte i 2013

Gruppemøte: I framkant av kvart kommunestyremøte — og elles ved vanskelege saker — har kommunestyregruppa hatt møte pr. telefon.

Studiearbeid
Medlemsmøta vert rekna som studiearbeid.

Media
Balestrand Venstre har ikkje hatt innlegg til aviser i 2013, men fått rimeleg bra dekning gjennom Sogn Avis i samband med aktuelle saker som har vore oppe i dei ulike politiske fora.
Når det gjeld BV si heimeside har den vore brukt til informasjon i samband med årsmøtet for 2012 og møteplanar for 2013. I tillegg ar ein lagt ut 2 saker av rein politisk karakter. Det eine om Esefjordvegen og det andre vdr. eit arrangement i Vevring 1. juni mot planane om stein-/slamdeponi i Førdefjorden i samband med evnt. gruvedrift.

Innmelde saker frå BV
Balestrand Venstre har ikkje meldt inn saker til kommunen i 2013.

Utsendingar
Sogn og Fjordane Venstre sitt årsmøtet på Skei 9. g 10. februar:
Hanna Menes og Britt Grimelid.

Stortingsvalet 2013 – valkamp
Kickk-off samling på Skei 25. og 26. mai. Her deltok Råmund Nyhammer frå Balestrand Venstre.
Skuledebatt/valtorg på Sygna vgs. 2. september. Frå S. og Fj. Venstre deltok 1. kandidat Sveinung Rotevatn i debatten, og han og Peder Hauge på valtorget. Frå Balestrand Venstre stilte Kari Bolstad og Råmund Nyhammer. I skulevalet ved Sygna kom Venstre ut som 3. største parti med 9,0% av stemmene etter KrF (54,8%) og Høgre (11,6)
Valkamp lokalt: Laurdagane 31. august og 7. september deltok Balestrand Venstre saman med dei andre lokalpartia på stand i Holmen. Det var mange velvillige medlemmer som bidrog til at desse to arrangementa vart hyggelege opplevingar. Når det gjeld valresultatet for Venstre i Balestrand så oppnådde partiet 6,1% – ein framgang på 0,8%.

Balestrand, 23.01.2014

Kari Tordis Aarskog

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**