POLITISK REKNESKAP 2014

Lagt fram på årsmøtet torsdag 22.01.2015

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**


Innleiing
Det har vore eit heller roleg år i dei lokalpolitiske fora i 2014. Eg har såleis i denne rekneskapen teke med berre 2 saker. Den eine er budsjettsaka som det var stor strid om, pluss den saka Venstre jobba mest med, Arbeids- og delegeringreglementet.

Budsjett for 2015
Utfordringa var denne gongen å finne inndekning for ca. 7 mill.
Det som etter kvart vart det store stridsspørsmålet var grendaskulane – om desse skulle haldast oppe eller leggast ned.
På medlemsmøtet 27. oktober vedtok BV at partiet som eit minimum skulle arbeide for å oppretthalde 1 — 4 trinn på oppvekstsentra, men aller helst også 5 — 7 trinn på Nessane. Kommunestyregruppa til Venstre har i tillegg vore oppteken av at eventuelle endringar i skulestrukturen i Balestrand må handsamast i eiga sak og ikkje i budsjettsamanheng. Dette for å få ein grundig og demokratisk nok prosess i ei sak som berører store deler av innbyggarane i kommunen.
Det vart etter kvart nær kontakt mellom SP og V i saka. Det er ingen grunn til å underslå at SP gjorde den tyngste jobben med å arbeide ut det som til slutt vart eit fellesframlegg frå dei to partia. Det er heller ingen grunn til å underslå at Arnstein Menes (SP) gjorde ein kjempejobb som felles gruppeleiar når det gjalt å legge fram dei to partia sitt syn og å argumentere for dette i kommunestyremøtet 4. desember.
Som ein veit tapte SP/V avrøystinga om budsjettet, og grendaskulane vert etter planen nedlagde frå hausten 2015.
SP/V har skriftleg fremja lovlegkontroll av budsjettvedtaket; noko som vil verte handsama i kommunestyret 29.01.15 før det evnt. går vidare til fylkesmannen.
Det er i utgangspunktet SP som har ønska lovlegkontroll. Når V si kommunestyregruppe i etterkant av kommunestyret sitt budsjettmøte stilte seg bak dette kravet, så er det m.a. ut frå følgjande grunngjeving:
1) Det er generelt mangel på prosess i framkant av vedtaket om nedlegging av Nesse skule og Fjordtun skule.
2) Det er ikkje gjort vurderingar om det er trong for ekstra midlar til Sagatun dersom elevar vert flytta over frå Fjordtun og Nesse.
3) Ein kan ikkje sjå at det er synleggjort/drøfta kostnader/andre problemstillingar kring SFO og følgje for dei minste ungane på skulebussen.
4) I kommuneplanen, samfunnsdelen står følgjande: «Det skal vere tilbod om barnehage, skulefritidsordning og skule på Fjordtun, Nesse og i Balestrand sentrum. I grendene skal tilbodet vere organisert som oppvekstsenter.»
Det er etter vår meining ikkje samanheng mellom overordna styringsdokument for kommunen og vedtaket om flytting av elevar.

Arbeids- og deligeringsreglementet
Dette er nok den saka kommunestyregruppa til V har jobba mest med i 2014. Saka var først oppe i f.m.sk. og kommunestyret i februar som eit resultat av nedlegginga av dei to hovudutvala. Utvala sine oppgåver vart delegert til formannskapet, og oppdatert delegeringsreglement skulle leggast fram for kommunestyret for endeleg godkjenning.
I framkant av at saka kom opp igjen i kommunestyret sitt junimøte, la Venstre si k.st.gruppe ned eit omfattande arbeid med å rette opp innhaldet i reglementet som viste seg å vere ikkje særleg oppdater likevel. I protokollen etter møtet står følgjande:
Handsaming: Råmund Nyhammer tok opp ein del feil i dokumentet og leverte inn eit skriftleg oversyn. Ordførar Arnstein Menes gjorde framlegg å utsetje saka. Adminstrasjonen må gå gjennom dokumentet og rette dette opp mellom anna i samsvar med merknadene frå Råmund Nyhammer.
Vedtak:Saka vert utsett. Samrøystes.
Saka kom opp igjen i kommunestyret 16. oktober. Som ein del av sakstilfanget var Venstre sitt forslag i til junimøtet. Arbeids- og delegeringsreglementet vart vedteke inkludert dei endringane Venstre hadde føreslege.

Status vdr. ambulansesaka
Helse Førde hadde til styremøtet 24. okt. følgjande sak på saklista: «Målbilete og modell for ambulansetenesta 2015—2025»
I forslaget til styrevedtak stod det mellom anna: «Det vert opna for at ambulansetenesta kan konsentrere ambulansestasjonane til færre, men større stasjonar enn slik det er i dag.»
Saka vart trekt då mange ordførarar ytra misnøye med at saka ikkje var lagt ut på høyring.
I Balestrand vart det arrangert eit stort folkemøte i april, men det har likevel vore status quo i ambulansesaka i 2014 – i alle fall i den forstand at ein framleis er utan ambulanse i kommunen. Det mest urovekkande er vel at fylkeslegen har konkludert med at responstida for Balestrand er akseptabel. Det ein no ventar på er Helse Førde sin varsla plan vdr. dei prehospitale tenestene.

Kommunereforma

Balestrand kommune har gjennom vedtak i f.m.sk. 18. sept. og vedtak i kommunestyret 16. okt. slutta seg til Sogn Regionråd sitt «Mandat for felles utgreiing om kommunereforma».
Parallelt med dette vil den lokale handsaminga starte for fullt på nyåret 2015.
Det skal nedsettast ei arbeidsgruppe, og formannskapet + SV er styringsgruppe.
I kommunestyremøtet 29.01.15 vil det bli vedteken ein framdriftsplan for den lokale prosessen vdr. kommunereforma. Det skal og gjerast vedtak om nokre aktuelle samanslåingsalternativ som ein ynskjer å få utgreidd vidare.
Det er etter dette vedtaket — når ein har noko handfast å diskutere utifrå — at Balestrand Venstre må starte sine diskusjonar vdr. saka.
Endeleg vedtak om samanslåing/framleis eigen kommune/oppsplitting av kommunen skal gjerast før sommaren 2016.

22.01.15
Venstre si kommunestyregruppe
Råmund Nyhammer (gruppeleiar) og Kari Bolstad

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**