Alfred Bjørlo vald inn på fylkestinget

Eid Venstre sin førstekandidat ved kommunevalet 2011 og påtroppande ordførar Alfred Bjørlo vart overraskande valt inn på fylkestinget i Sogn og Fjordane frå ein plass langt nede på fylkestingslista. Eid Venstre har også fått 1. vara til Fylkestinget gjennom Siv Langøen Rotevatn.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

Alfred Bjørlo

Foto: Sfj Venstre

Alfred Bjørlo sto heilt nede på 24. plass på fylkestingslista, men fekk nok personstemmer til at han avanserte opp til 2. plass i personvalet til Fylkestinget på Venstre si liste. Siv Langøen Rotevatn sto på 6. plass på lista, men avanserte opp til 4. plass. Ho var også berre 20 røyster frå å rykke heilt opp på 3. plass og med det bli fast representant på fylkestinget.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**