Flora Venstre sitt program 2007 - 2011
07.09.2007 Med sin unike natur der den strekkjer seg frå bre til hav og sin desentraliserte busetnad, har kommunen vår kvalitetar som Flora Venstre er opptekne av å ta vare på. Heile programmet vårt for komande periode finn du her.
Venstre er tufta på sosialliberalismen sitt grunnsyn som er ein kombinasjon av fridom for den einskilde og ansvar for kvarandre. Venstre er eit parti ubunde av gruppeinteresser.
-----------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Miljø
Norge skal vere ein moderne miljønasjon. Klimaendringar og truslar mot dei livsviktige økosystema må takast på alvor.Les meir om Venstre sin klimakampanje her:www.venstre.no/framtid
Med sin unike natur der den strekkjer seg frå bre til hav og sin desentraliserte busetnad, har kommunen vår kvalitetar som Flora Venstre er opptekne av å ta vare på.
Florø Venstre vil arbeide for:
• at miljøperspektivet skal vektleggast i all kommunal planlegging og forvaltning
• at ein forpliktande klima- og miljøplan må vere grunnlaget for all planlegging
• at bruk av miljøvenleg energi må inn i byggeforskriftene
• at miljøet må takast med i reknestykket når vi ser på kostnader
• at kommunen skal ha ein forpliktande oppfølginsplan for ENØK-tiltak
• ta i bruk el-bilar der det høver
• kjeldesortering i all offentleg verksemd
• trygge gang- og sykkelvegar
• gang- og sykkelveg langs Kinnvegen og Stadionsvegen må realiserast
• vedlikehalde turstiar
• straum og lys til buer og gangveg ved kystmuseet
• arbeidet med veg til Kystmuseet må startast opp
• gjere badeplassane tilgjengelege
Skule, skulefritidsordning, barnehage
Kunnskap og kompetanse er grunnleggande for å vidareutvikle samfunnet vårt i positiv lei. All opplæring og undervisning skal vere tilpassa den einskilde eleven sine evne, og bygge på respekt for både individet og fellesskapet. Les meir om Venstre sin skulepolitikk på www.venstre.no
Skule, skulefritidsordning og barnehagar må vere med å sikre barn trygge og stimulerande oppvekstvilkår og lære dei å ta omsyn til miljøet.
Flora Venstre vil:
• Sikre oppdaterte skulebøker og datautstyr
• Oppretthalde skuletilbodet i distrikta så lenge det er pedagogisk og sosialt forsvarleg
• Sikre skulefritidsordinga med stabil og kvalitfisert bemanning
• Barnehageplassar til dei som ønskjer det
• Arbeide for studietilbod på høgskulenivå t.d. innan havbruksnæringa
Kommunen er til for innbyggarane og skal bygge på openheit, kvalitet, effektiv tenesteyting og god service. Tryggleik, velferd, trivsel og kvalitet må vere kjenneteikn for Flora.
-----------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Sosialt ansvar
Meir til dei som treng det mest!
Eit velferdssamfunn vert målt etter korleis vi tek vare på dei svakaste. I Noreg er det ikkje lenger viktigast å gje meir til alle, men å hjelpe enkeltmenneskje som treng det.
Flora Venstre vil:
• at alle som treng det, skal få plass i heildøgnsbemanna bustad
• auke grunnbemanning i eldreomsorga
• godt og variert tilbod til demente
• fleire faste fulltidsstillingar for å sikre kontinuitet og kvalitet i omsorgstenesta
• færrast mogleg tilsette på engasjement og i deltidsstillingar
• satse på kvalitet og kompetanseheving for dei tilsette
• arbeide for nok sosiale bustader med tilfredstillande standard
• støtte rusførebyggande arbeid i skule og ungdomsmiljø
• rehabiliteringtilbud for stoffmisbrukere
• kjempe for å få pengar til å drifte Nærsjukehuset etter intensjonane
• vidareutvikle det etablerte samarbeidet mellom kommunehelsetenesta og Nærsjukehuset
• styrke tilbodet til rehabilitering og kronisk sjuke
• sikre at jordmortenesta og det gode tilbodet på helsestasjonen held fram
• gjenopprette barnevernsvakta
• gjere kommunen meir tilgjengeleg for funksjonshemma
Kultur
Eit godt oppvekstmiljø, kvalitet i skulen og eit aktivt kulturliv er viktige pilarar i samfunnet. Kultur er med på å skape trivsel og identitet og dette er nøkkelen til all utvikling, og næringsutvikling.
Flora Venstre vil arbeide for:
• sikre kulturskulen nok ressursar slik at barn og unge som ønskjer det, kan få plass
• barn frå utkantane må få reise gratis på dei offentlege rutene til og frå kulturskulen
• fleksibel heimreise for elevar som nyttar skyss til og frå Florø
• søndagsope bibliotek i vinterhalvåret
• opprustning av Kinn kyrkje
• sette av naudsynte midlar til å halde gravplassane i god stand
• styrke krava til estetisk kvalitet i utforming av det fysiske miljøet
• etablere leikeplass i sentrum
• bevaring og kartlegging av kulturminne
• ta vare på kulturlandskapet
Venstre ser levande lokalsamfunn som viktige ressursar for Flora. Kommunen må støtte etablering av småbedrifter og vere fleksibel i samband med å legge til rette for bustadbygging i distrikta.
-----------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Lokale verksemder: Eit kreativt og nyskapande Norge!
Framtida sitt velferdssamfunn er avhengig av eit nyskapande næringsliv.Framtida sine arbeidsplassar er enno ikkje skapte, og Venstre vil ha ein politikk som støttar nyskaparar og grunderar. Forsking, utdanning og skattesystem er viktige vilkår for framtida sine arbeidsplassar og velferd. Samfunnet må gi rom for mennesket sine skapande evne i skuleverk, forsking, kultur og næringsliv. Vi må sleppe fram dei som torer å satse på nyskaping.
Næring og samferdsle
Flora Venstre vil arbeide for
• redingshelikopterbasen må på plass
• opprette flyrutetilbod nordover
• arbeide for at Florø Lufthavn blir hovudflyplassen i Sogn og Fjordane
• arbeide for kystveg
• sikre tenelege båtruter
• statlege arbeidsplassar til Flora og stogge flukt av eksisterande
• opprette fleire lærlingplassar i kommunen
• arbeide for å auke talet på kompetansearbeidsplassar
• kommunen må vere ein aktiv pådrivar i arbeidet for nyskaping
• rask kommunal sakshandsaming
• reiselivvidareutvikle reiselivet i kommunen
• styrke kystsamarbeidet om turisme
• nytte kysten sitt naturlege potensialale for opplevingsferie
• vidareutvikle Flora som ”faire trade”-by
• primærnæringane skal framleis vere ein viktig del av næringsgrunnlaget i kommunen
• reduksjon av eigedomskatten
• sikre tilgang på næringsareal for nyetablering
• legge til rette for næringsaktivitet i heile kommunen
• vidareutvikle samarbeidet i Sunnfjordregionen
Regionale nyhende
23.05.2012
Sogn og Fjordane
Interpellasjon til Fylkesordføraren til fylkestingssamlinga 5-6 juni 2012
Interpellasjon til Fylkesordføraren til fylkestingssamlinga 5-6 juni 2012
14.05.2012
Sogn og Fjordane
Venstre seier nei til norske fjordar som avfallsplassar for gruveavfall
Venstre seier nei til norske fjordar som avfallsplassar for gruveavfall




